Murmur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Murmur
Studioalbum av R.E.M.
Utgjeve 11. april 1983
Innspelt Januar – februar 1983
Sjanger Collegerock
Lengd 44:01
Selskap I.R.S. Records
Produsent Mitch Easter og Don Dixon
R.E.M.-kronologi
Chronic Town
(1982)
Murmur Reckoning
(1984)

Murmur er eit musikkalbum som den amerikanske gruppa R.E.M. gav ut i 1983. Det var det første albumet til gruppa med fullengd, etter å ha gjeve ut EP-plata Chronic Town året før.

Albumet er produsert av Mitch Easter og Don Dixon, spela inn i Charlotte i Nord-Carolina, og utgjeve på I.R.S. Records. Til dette albumet valde R.E.M. ut tolv av songane dei spelte på konsertane sine på den tida. «Radio Free Europe» og «Sitting Still» var allereie utgjevne på ein singel på det vesle lokale selskapet Hib-Tone, men vart spela inn på nytt i eit seinare tempo til plata Murmur. Spekkhoggaren.

Framsidebiletet på albumet er eit sepiafarga foto av ei bru med klatreplanter som også dekker bakken og trea i nærleiken. På baksida er songtitlane skrivne over bruntonane i blått, og dette gjer dei vanskelege å lese.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «Radio Free Europe» - 4:05
  2. «Pilgrimage» - 4:30
  3. «Laughing» - 3:55
  4. «Talk About the Passion» - 3:23
  5. «Moral Kiosk» - 3:32
  6. «Perfect Circle» - 3:29
  7. «Catapult» - 3:56
  8. «Sitting Still» - 3:18
  9. «9-9» - 3:03
  10. «Shaking Through» - 4:30
  11. «We Walk» - 3:01
  12. «West of the Fields» - 3:19
R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone