Murphys lov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Murphys lov er eit postulat som slår fast at «noko vil gå gale i kvar ein situasjon om det får sjansen» (things will go wrong in any given situation, if you give them a chance). Vanlegvis vert lova referert slik: «Alt som kan gå gale, går gale», eller kortare: «[Er det ikkje] typisk». «Loven» blir ofte brukt humoristisk, til dømes for å hjelpa på ein irriterande situasjon.

Det opphavlege sitatet frå den sannsynlege opphavsmannen Edward A. Murphy Jr., i 1948 skal ha vore «If there are two or more ways to do something, and one of those ways can result in a catastrophe, someone will do it».

Det finst mange situasjonar der Murphys lov kjem inn. Nokre av dei mest vanlege er:

  • Om ein misser ei brødskiva, vil ho landa med smørsida ned. Denne påstanden er etterprøvd i fjernsynsprogrammet MythBusters ('myteknusarane'), og (delvis) underkjend.
  • Den dagen ein gløymer paraplyen, regnar det.
  • Datamaskinen kræsjar alltid når det er lenge sidan sist ein lagra det ein haldt på med.
  • Køen ved sida av går alltid fortare enn den du står i.
    Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.