Murr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Murr
Murr ved Steinheim
Murr ved Steinheim
Utspring Sør for Murrhardt
Munning Neckar
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 50 km

Murr er ei elv i Baden-Württemberg i Tyskland, og ei av sideelvane til Neckar frå høgre med ei lengd på 50 km. Ho har sitt utspring om lag 4 km sør for Murrhardt og renn nordaustover før ho snur vestover mot Murrhardt. Etter 7 km til når ho Sulzbach an der Murr. Her er elva på sitt nordlegaste og møter Lauter frå nord, som kjem frå Spiegelberg. Murr held fram sørvestover og passerer Oppenweiler og Backnang, der den smale dalen hennar vert breiare. Andre byar elva renn gjennom frå her er Burgstall an der Murr, Kirchberg an der Murr, Steinheim an der Murr og Murr, som ligg i landkreis Ludwigsburg.

Nord for Marbach am Neckar munnar Murr ut i Neckar etter ei lengd på om lag 50 km.

Murr går sør for Löwensteiner Berge, og ein stor del av elva renn gjennom skogen Schwäbisch-Fränkischer Wald, som er ein naturpark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]