Musea i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musea i Sogn og Fjordane

Sunnfjord Museum er eit av Musea i Sogn og Fjordane
Skipa2009

Musea i Sogn og Fjordane vart stifta 14. januar 2009 og er ei konsolidering av følgjande museum: Kystmuseet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Norsk Kvernsteinsenter (frå 1.1.2013). Musea held fram som likeverdige avdelingar med eigne namn i den konsoliderte museumseininga. Dei tidlegare eigarane av musea har overdratt det faglege, administrative og økonomiske ansvaret til det nye museet. Fellesadministrasjonen held til på Sandane.[1] Direktør for museet er Guri Våge Mossige.[2]

Samlingane til Musea i Sogn og Fjordane er delvis digitalisert. Det betyr at ein kan hente opplysningar om kring 11500 gjenstandar på nettsida til DigitaltMuseum.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Musea i Sogn og Fjordane», Musea i Sogn og Fjordane (på norsk), henta 13. februar 2023 
  2. «Guri Våge Mossige», Musea i Sogn og Fjordane (på norsk), henta 13. februar 2023 
  3. Musea i Sogn og Fjordane ved DigitaltMuseum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]