Musekløver
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Musekløver | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Fabales | |
| Familie: | Fabaceae (Ertefamilien) | |
| Slekt: | Trifolium | |
| Art: | dubium | |
| Vitskapleg namn | ||
| Trifolium dubium | ||
Musekløver (Trifolium dubium), er ein plante i ertefamilien. Den har liggjande eller opprett stengel, 3-4 mm lange øyreblad, jamnlange med bladskaftet. Den har runde lysegule hovud på skaft lengre enn støttebladet. Den er vanleg i Europa. I Noreg finst den på tørre bakkar i kyst- og fjordstrøk frå ytre Oslofjorden til Hardanger og Bergen, og somme stader lenger nord til Kristiansund. Musekløver blomstrar i juni.
Planta er den som vanlegvis blir rekna som shamrock, trekløveret som er eit nasjonalt symbol for Irland.
Kjelder[endre]
Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Andre utgåva. 1974. Oslo. Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0297-2.