Museumsjarnbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tog frå ulike tider på museumsjarnbana Krøderbanen.

Museumsjarnbane eller museumsbane er ei jarnbane som vert nytta til å syne fram ei banestrekning med stasjonar og tekniske innretningar frå gamal tid, vanlegvis i kombinasjon med slikt rullande materiell som var i bruk i farne tider. Som oftast er det nedlagde jarnbanestrekningar eller jarnbanestrekningar utan ordinær drift som vert omgjort til museumsbaner, men det er òg bygd museumsbaner der det ikkje har vore jarnbane tidlegare, slik Lommedalsbanen er eit døme på. Meininga er i dei fleste høva å køyre gamalt materiell på strekninga til fastsette tider, slik at publikum kan sjå bana i drift og jamvel take ei reise med toget.

Museumsjarnbaner i Noreg er Krøderbanen, Lommedalsbanen, Nesttun–Osbanen (berre ein stasjon med nokre vogner på Stend i Bergen), Rjukanbanen (utan togdrift), Setesdalsbanen, Thamshavnbanen, Urskog–Hølandsbanen og Gamle Vossabanen (ei strekning av Bergensbanen som vart lagd ned etter at bana vart lagd i tunnel under Ulriken og Arnanipa i Bergen.

Det nasjonale jarnbanemuseet her i landet er Norsk JernbanemuseumHamar, skipa i 1896 som eit av dei eldste jarnbanemusea i verda, og no drive av Jernbaneverket. Her står mellom anna den eldste stasjonsbygningen i Noreg, Kløften stasjon frå Kløfta i Ullensaker kommune, og inne i vognhallen finst det ei samling lokomotiv og vogner frå jarnbanas tidlegaste tider i Noreg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]