Music for the Royal Fireworks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Music for the Royal Fireworks
HWV 351
Suite av Georg Friedrich Händel
SjangerOrkestermusikk
PeriodeBarokken
Komponert1749
Urframføring21. april 1749
Typisk lengd19:14
Satsar/akter5

Music for the Royal Fireworks (HWV 351, «Musikk for kongeleg fyrverkeri») er ein musikalsk suite komponert av Georg Friedrich Händel i 1749 då han var tilsett hos kong Georg II av Storbritannia for fyrverkeriet i Green Park i London den 27. april 1749. Dette var for å feire slutten på den austerrikske arvefølgjekrigen og signeringa av Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748.

A VIEW of the FIRE-WORKES and ILLUMINATIONS at his GRACE the Duke of RICHMOND'S at WHITEHALL and on the River Thames on Monday 15 mai 1749. Performed by the direction of Charles Fredrick Esq. Håndmålt etsing.

Musikarane spelte i eit spesialbygt bygg som vart teikna av Servandoni, ein teaterdesigner. Musikk var bakgrunnsmusikk for det kongelege fyrverkeriet som var konstruert av Thomas Desguliers,[1] son til presten og vitskapsmannen John Theophilus Desaguliers. Framsyninga var derimot ikkje like suksessfullt som musikken var. Den enorme trebygningen tok fyr etter at eit lågrelief av kong Georg II kollapsa. Musikken hadde vorte framført offentleg seks dagar tidlegare, den 21. april 1749, då det var ei full øving av musikken i Vauxhall Gardens. Over tolv tusen menneske, som kvar betalte to shilling og seks pence, kom for å sjå, og skapte ein tre timar langt trafikkork av hestevogner fordi hovudruta sør for elva var stengd etter at ein boge i den nybygde London Bridge hadde kollapsa.

Då musikken vart publisert, ønskte Händel å presentere verket som ein ouverture, men krona hadde alt gjeve det tittelen «Music for the Royal Fireworks», som propaganda til fordel for den elles upopulære avtalen og monarken.[2]

Musikk og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Music for the Royal Fireworks opnar med ein fransk ouverture og inneheld ein bourrée og to menuettar.

Verket består av fem satsar:

  1. Ouverture: Adagio, Allegro, Lentement, Allegro
  2. Bourrée
  3. La Paix: Largo alla siciliana
  4. La Réjouissance: Allegro
  5. Menuett I og II

Det vart instrumentert for eit stor blåseensemble som bestod av 24 oboar, 12 fagottar (og ein kontrafagott), ni trompetar, ni valthorn, tre par pauker og fleire skarptrommer.

Det fulle ensemblet speler på alle satsane bortsett frå den rolege Bourrée og den første menuetten, som berre vert spelt av oboar, fagottar (og strykarar).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Great Britain. Board of Ordnance. London : trykt av W. Bowyer, seld av R. Dodsley og M. Cooper. 1749.
  2. http://www.bbc.co.uk/radio4/randomedition/pip/z77ig
  3. Fr. Chrysander, Water-Music, Firework-Music, Concertos and Double Concertos for Full Orchestra by George Frederic Handel, trykt på ny 1965, Gregg Press Inc., New Jersey, U.S.A.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]