Music from Big Pink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Music from Big Pink
Studioalbum av The Band
Utgjeve 1. juli 1968
Innspelt Tidleg 1968
Sjanger Rock
Lengd 42:22
Selskap Capitol
Produsent John Simon
Kritikk
The Band-kronologi
Music from Big Pink The Band
(1969)

Music from Big Pink er debutalbumet til rockebandet The Band frå 1968. Albumet inneheld ein av dei mest kjende songane deira, «The Weight». Musikken vart skriven i 'Big Pink', eit hus som Rick Danko, Richard Manuel og Garth Hudson delte i West Saugerties, i New York. Albumet vart spelt inn i studio i New York og Los Angeles i 1968[1].

Med ei særeigen blanding av country, rock, folk, klassisk musikk, R&B og soul, var Music From Big Pink det første albumet til The Band sommaren 1968. Albumet kom ut etter at bandet hadde vore backingband for Bob Dylan under turneen hans i 1966 (som The Hawks) og spelt inn musikk med Dylan i heimen hans, som i 1975 kom ut som The Basement Tapes.

Albumet fekk frå starten god kritikk,[2][3] men selde dårleg. Al Kooper gav albumet særs god kritikk i Rolling Stone og fekk folk meir merksame på albumet. Det at Bob Dylan hadde vore med å skrive tre av songane på albumet gav det òg ein del omtale.

I 1968 nådde «The Weight» 68. plass på Billboardlista i USA. Songen vart ein større hit andre stader og nådde 35. plass i Canada og 21. plass i Storbritannia. Albumet nådde 30. plass på albumlista i USA. Songen «The Weight» vart særleg populær etter at han vart nytta i filmen Easy Rider, men vart ikkje teken med på filmmusikkalbumet på grunn av opphavsretspørsmål. Ein coverversjon av bandet Smith vart i staden teken med på albumet.

I 2003 vart albumet rangert på 34. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene..[4] Den tilbakelente kjensla på albumet gjorde mange store artistar merksame på det. Til dømes har Eric Clapton sagt at rootsrock-stilen på albumet overtydde han om å slutte i Cream og spele liknande musikk med Blind Faith, Delaney and Bonnie, Derek and the Dominos og på debutalbumet hans. George Harrison var òg imponert over den musikalske kvaliteten på albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Tears of Rage» (Bob Dylan, Richard Manuel) 5:23
2. «To Kingdom Come» (Robbie Robertson) 3:22
3. «In a Station» (Manuel) 3:34
4. «Caledonia Mission» (Robertson) 2:59
5. «The Weight» (Robertson) 4:34

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «We Can Talk» (Manuel) 3:06
2. «Long Black Veil» (Marijohn Wilkin, Danny Dill) 3:06
3. «Chest Fever» (Robertson) 5:18
4. «Lonesome Suzie» (Manuel) 4:04
5. «This Wheel's on Fire» (Dylan, Rick Danko) 3:14
6. «I Shall Be Released» (Dylan) 3:19

Ein nymastra versjon av albumet vart utgjeven i 2000 og i tillegg til songane over, inneheldt det alternative spor og uttak:

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
12. «Yazoo Street Scandal» (Robertson) 4:01
13. «Tears of Rage» (Dylan, Manuel) 5:32
14. «Katie's Been Gone» (Manuel, Robertson) 2:46
15. «If in Lose» (Charlie Poole) 2:29
16. «Long Distance Operator» (Dylan) 3:58
17. «Lonesome Suzie» (Manuel) 3:00
18. «Orange Juice Blues (Blues for Breakfast)» (Manuel) 3:40
19. «Key to the Highway» (Big Bill Broonzy) 2:28
20. «Ferdinand the Imposter» (Robertson) 3:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowman, Rob. «History of The Band: The Debut Album». theband.hiof.no. http://theband.hiof.no/history/part_5.html. Henta 23. januar 2011. 
  2. Viney, Peter. «The Band: Album Ratings». The Band website. http://theband.hiof.no/articles/Band_album_ratings.html. Henta 23. januar 2011. 
  3. Ruhlmann, William. «Music From Big Pink». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r1254. Henta 23. januar 2011. 
  4. «The 500 Greatest Albums Of All Time». Rolling Stome. 2010-01-12. http://www.rollingstone.com/music/lists/6862/35223/35399. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]