Music from the Film More

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Music from the Film More
Filmmusikk av Pink Floyd
Utgjeve 27. juli 1969
Innspelt Mars 1969
Sjanger Progressiv rock
Lengd 44:56
Selskap Columbia/EMI, EMI Storbritannia
Harvest, Capitol, USA
Produsent Pink Floyd
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
A Saucerful of Secrets
(1968)
Music from the Film More Ummagumma
(1969)

Music from the Film More (ofte berre kalla More) er det første albumet til Pink Floyd tilknytt ein film. Filmen More var regissert av Barbet Schroeder, og her kan ein høyre to songar som ikkje er med på albumet: «Seabirds» og «Hollywood». Alle songane på albumet er faktisk spelte inn på nytt, og er ofte heilt forskjellige frå versjonane ein kan høyre i filmen. More inneheld for det meste akustiske viser, ein uvanleg sjanger for Pink Floyd. Bandet bruker berre dei elektroniske effektane dei var så kjende for på dei lengre instrumentalane som «Quicksilver» og «Main Theme». Elles heller dei mot vokalharmoniar og melodisk progresjon, slik som akkordprogresjonen i «Cirrus Minor» eller D dim-akkorden i «The Crying Song»

Mange av spora på More (som fansen vanlegvis kallar plata) var akustiske viser. To av desse songane, «Green is the Colour» og «Cymbaline», vart ein del av bandet sitt konsertverk, The Man/The Journey. «Cymbaline» var òg den første Pink Floyd-songen som syner den kyniske innstillinga Waters hadde mot musikkindustrien. Resten av albumet var samansett av små avantgarde-stykke frå filmen (nokre av desse var òg ein del av «The Man/The Journey»), i tillegg til eit par tyngre rockesongar, som «The Nile Song».

Dette er det første Pink Floyd-albumet utan Syd Barrett, som var frontmann før han vart kasta ut av bandet tidleg i 1968 under innspelinga av det førre albumet deira A Saucerful of Secrets. Det er òg det første Pink Floyd-albumet som er produsert av bandet utan hjelp frå Norman Smith.

Music from the Film More nådde 9. plass i Storbritannia, og 153. plass i USA då den kom ut på ny i 1973. I 1987 kom albumet ut på CD, og i 1995 kom det ein ny versjon med betre digital lyd.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Vokal Lengd
1. «Cirrus Minor»   Waters Gilmour 5:18
2. «The Nile Song»   Waters Gilmour 3:26
3. «The Crying Song»   Waters Gilmour 3:33
4. «Up the Khyber»   Mason, Wright Instrumental 2:12
5. «Green is the Colour»   Waters Gilmour 2:58
6. «Cymbaline»   Waters Gilmour 4:50
7. «Party Sequence»   Waters, Gilmour, Mason, Wright Instrumental 1:07
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Vokal Lengd
8. «Main Theme»   Waters, Gilmour, Mason, Wright Instrumental 5:27
9. «Ibiza Bar»   Waters, Gilmour, Mason, Wright Gilmour 3:19
10. «More Blues»   Waters, Gilmour, Mason, Wright   2:12
11. «Quicksilver»   Waters, Gilmour, Mason, Wright Instrumental 7:13
12. «A Spanish Piece»   Gilmour Instrumental 1:05
13. «Dramatic Theme»   Waters, Gilmour, Mason, Wright Instrumental 2:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

Songar[endre | endre wikiteksten]

Cirrus Minor[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet er skriven av Roger Waters og David Gilmour, og er ein roleg ballade med akustisk gitar og orgel. Songen opnar med fuglelydar og glir etter kvart inn i første vers. Det er ingen trommer på songen, som har ein noko uvanleg akkordsekvens: Em, Eb aug, G, C#m7, C7, Cm7 og H7. Mot slutten av songen er det ein lang og roleg orgelsolo, som i stil liknar ein del på «Celestial Voices»-partiet frå «A Saucerful of Secrets».

The Nile Song[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Nile Song.

Dette er ein av få hardrocksongar av Pink Floyd, i lag med mellom anna «Young Lust» frå The Wall. Songen er skriven av Roger Waters, og er ein av få Pink Floyd-songar som ikkje inneheld tangentinstrument. Sporet «Ibiza Bar», som òg finst på albumet, er nesten ein reprise av denne songen. Enkelte folk har til og med kalla songen ein av dei aller første heavy metal-songane, og han har mange element frå denne sjangeren, som skrikande vokal, drivande trommer og riff, i tillegg til ein ekstra snert. Songen vart gjeve ut som singel i Europa med «Ibiza Bar» som b-side, men ikkje i heimlandet Storbritannia, og kom òg ut på samlealbumet Relics.

The Crying Song[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein roleg ballade med drøymande vokal av David Gilmour. Songen er nesten som ei vanleg vise, bortsett frå den andre akkorden, som er ein D dur med ein forminska kvint. Ein forminska kvint vert kalla ein blåtone i jazz, og vert mykje brukt i raske soloar eller i langsame jazzballadar. I denne samanhengen gjev akkorden derimot ei disharmonisk kjensle, varer ein heilt takt og skapar ein draumeaktig og surrealistisk atmosfære. Songen startar med vibrafon spelt av Rick Wright. David Gilmour spelar akustisk gitar som følgjer vokalmelodien.

Songen vart aldri spelt på konsertar.

Up the Khyber[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalen er skriven av Nick Mason og Richard Wright, og er i praksis ein trommesolo med hektisk pianospeling og uvanlege lydeffektar. Songen vart spelt på konsertar i samband med konseptet The Man and the Journey i ei litt anna form, der han hadde namnet «Work».

Green is the Colour[endre | endre wikiteksten]

Songen er nok ei roleg vise, som det er fleire av på More. Songen byrjar med akustisk gitar, bass og etnisk fløytespel før første vers, og etter kvart kjem pianoet til Wright inn. Songen inneheld ikkje trommer. Han vart spelt mykje på konsertar i perioden 1969-1971, og ofte som songen før «Careful with That Axe, Eugene».

Cymbaline[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar eit mareritt, og vart kalla «Nightmare» då songen vart spelt på konsertar i samband med konseptet The Man and the Journey. På filmversjonen av songen er det Waters og ikkje Gilmour som syng songen. Teksten i filmversjonen er òg flytta litt om på.

Songen har eit enkelt arrangement med akustisk gitar, bass, piano, trommer, bongotrommer og Farfisaorgel. Orgelet kjem først inn under Gilmour sin scatsolo. Songen vart mykje spelt på konsertar frå 1969 til 1971. Her måtte Wright stort sett spele songen på orgel, sidan dei sjeldan hadde piano med seg. Gilmour spelte som regel elektrisk gitar, og hadde ofte ein solo over scatsoloen. I det som er slutten av albumversjonen endra dei skala frå Em til Hm på konsertane, og etter denne endringa presenterte bandet marerittet med ei rekkje lydeffektar (som skritt, knirkande dører, eksplosjonar med meir). Desse lydane vart presentert ved hjelp av ein såkalla Azimuth co-ordinator, den første versjonen av eit kringlydsystem, og på den måten vart publikum omringa av lydane.

Party Sequence[endre | endre wikiteksten]

Dette sporet er ein kort instrumental med stort sett berre bongo- og congatrommer i lag med etnisk fløytespel.

Main Theme[endre | endre wikiteksten]

Denne instrumentalen har visse likskapstrekk med «A Saucerful of Secrets», både med dei djupe cymbalane i introen og orgelspelet som kjem inn kort etter. Etter kvart glir derimot dette over i ein meir strukturert song med ei basslinje som kan likne ein sakte versjon av «Let There Be More Light» frå A Saucerful of Secrets. I lag med «Cymbaline» er kanskje denne songen meir typisk for Pink Floyd på denne tida enn resten av albumet.

Ibiza Bar[endre | endre wikiteksten]

Songen er svært lik «The Nile Song», men i motsetnad til denne inneheld han orgel av Rick Wright. Begge desse songane nærmar seg tidleg heavy metal, og «Ibiza Bar» var òg brukt som b-side til singelutgåava av «The Nile Song».

More Blues[endre | endre wikiteksten]

Songen høyrest i utgangspunktet ut som ein vanleg bluessong, og startar med bass, gitar og orgel. Etter kvart kjem trommene inn, men spelar berre ein takt og to før dei stoppar opp igjen. Slik held det fram gjennom store delar songen der trommene startar og stoppar.

Quicksilver[endre | endre wikiteksten]

Songen inneheld stort sett berre skumle lydeffektar og andre konkret musikk-teknikkar, som seinare vart eit kjennemerke for bandet. Instrumentalen er det lengste sporet på albumet med litt over 7 minutt, men vart spelt i ei kortare form på konsertar, og som ein del av konseptet The Man and the Journey, der han hadde namnet «Sleep».

A Spanish Piece[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein kort liten song med spanskliknande gitar av Gilmour, i tillegg til tale av Gilmour med spansk aksent.

Dramatic Theme[endre | endre wikiteksten]

Den siste songen på albumet er ein instrumental, som i stil minnar om både «Main Theme» og songen «A Saucerful of Secrets».