Musikalisches Opfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musikalisches Opfer
BWV 1079
Musikkverk av Johann Sebastian Bach
Sjanger Kammermusikk
Periode Barokken
Komponert Mai-juli 1747
Publiseringsdato 1885
Typisk lengd 48:33
Satsar 16

Musikalisches Opfer eller Das Musikalische Opfer («Det musikalske offeret»), BWV 1079, er ei samling kanonarar og fuger og andre musikkstykke av Johann Sebastian Bach, basert på eit musikalsk tema av Fredrik II av Preussen (Fredrik den store) og tileigna han.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Konge-temaet[endre | endre wikiteksten]

Samlinga har røter i eit møte mellom Bach og Fredrik II den 7. mai 1747. Møtet fann stad i slottet til konge i Potsdam, etter at son til Bach, Carl Philipp Emanuel vart tilsett der som hoffmusikar. Fredrik ønskte å vise den eldre Bach noko nytt: pianoet hadde vorte funne opp nokre år tidlegare og kongen eigde no fleire eksperimentelle instrument utvikla for han av Gottfried Silbermann.[1] Under det venta besøket i slottet til Fredrik i Potsdam, fekk Bach, som var godt kjend for å vere flink i improvisasjon, eit lang og kompleks musikalsk tema for å improvisere ein fuge for tre stemmer. Fredrik utfordra så Bach til å lage ein fuge for seks stemmer. Ålmenta på denne tida trudde det berre var ondskapsfult påfunn av kongen, som var oppsett på å audmjuke filosofar og kunstnarar. Bach svarte at han trengde å arbeide på det og sende det til kongen seinare. Han reiste så attande til Leipzig og skreiv ut Thema Regium («kongetemaet»):[2]

Temaet frå The Musical Offering

To månader etter møtet publiserte Bach fleire stykke basert på temaet, som vi no kjenner som Det musikalske offeret. Bach tileigna stykket «Regis Iussu Cantio Et Reliqua Canonica Arte Resoluta» (temaet gjeven av kongen, med tillegg, skriven i kanonisk stil). Dei første bokstavane av dette stavar ordet ricercar, som var ein velkjend sjanger på denne tida og den første satsen i verket.

«Thema regium» dukkar opp som tema i den første og siste satsen i den sjuande sonaten i d-moll av Friedrich Wilhelm Rust, skriven kring 1788 og som tema for utførlege variasjonar av Giovanni Paisiello i hans «Les Adieux de la Grande Duchesse ds Russies», skriven omkring 1784, då han forlet hoffet til Katarina den store.

Mogelege opphav til temaet[endre | endre wikiteksten]

Humphrey F. Sassoon har samanlikna temaet gjeven av Fredrik II med eit tema i ein fuge i a-moll av G.F. Händel, publisert i Seks fuger eller vilkårlege for orgel eller cembalo. Sassoon merkar seg at «Temaet til Händel er mykje kortare enn kongen sitt, men den musikalske 'arkitekturen' er særs lik: sprang etterfølgd av ein fallande kromatisk skala.» Han skriv òg om andre likskapar og foreslår så at Bach nytta Händels Fuga V som strukturell modell eller føring for Ricecar a 6 og at Fuga V kan ha påverka Bach i utviklinga av Ricecar a 3.[3]

Struktur og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

I den ferdige forma består Musikalisches Opfer av:

  • To ricercarar, skrivne ned på så mange noterader som det er stemmer:
    • a ricercar a 6 (seksstemt fuge)
    • a ricercar a 3 (trestemt fuge)
  • Ti kanonar:
    • Canones diversi super Thema Regium:
      • 2 Canons a 2 (dei første representerer eit kjend døme av krepskanon)
      • Canon a 2, per motum contrarium
      • Canon a 2, per augmentationem, contrario motu
      • Canon a 2, per tonos
    • Canon perpetuus
    • Fuga canonica
    • Canon a 2 «Quaerendo invenietis»
    • Canon a 4
    • Canon perpetuus, contrario motu
  • Sonata sopr'il Soggetto Reale – ein triosonate med fløyte, eit instrument som Fredrik spelte, og består av fire satsar:
    • Largo
    • Allegro
    • Andante
    • Allegro

Bortsett frå triosonaten, som var skriven for fløyte, fiolin og basso continuo, har stykket få indikasjonar på kva instrument som er meint å spele dei.

Ricercarane og kanonane har vorte instrumentert på mange måtar. Ricercarane vert ofte spelt på tangentinstrument, eit ensemble av kammermusikarar med forskjellige instrument.

Musikalske gåter[endre | endre wikiteksten]

Somme av kanonane i Musikalisches Opfer er representerte i det originale partituret med berre ein kort monodisk melodi på eit par takter, med meir eller mindre gåtefulle inskripsjonar på latin over melodien. Desse komposisjonane vert kalla gåtefuger (eller stundom meir presist gåtekanonar). Musikarane er meint å tolke musikken som eit stykke i fleire delar (eit stykke med fleire melodiar som glir inn i kvarandre), medan ein løyser «gåta»). Somme av desse gåtene har vorte forklart til å ha berre ei mogeleg «løysing», men i dag gjev dei fleste trykte utgåvene av partituret ei enkel, meir eller mindre «standardløysing» av gåta, slik at ein kan berre spele, utan å tenkje på latin eller på gåta.

Ein av desse gåtekanonane, «in augmentationem» (t.d. forstørring, der lengda på notane vert lengre), har påskrifta «Notulis crescentibus crescat Fortuna Regis» (må lukka til kongen auke som lengda på notane), medan ein modulert kanon endar på in tone høgare enn han starar og har påskrifta «Ascendenteque Modulationis ascendat Gloria Regis» (som modulasjonen stig, så må æra til kongen).

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner lite til korleis Fredrik mottok stykket eller om han prøvde å løyse gåtene eller spele fløytedelen i triosonaten. Fredrik var visstnok ikkje særleg glad i «komplisert» musikk, og like etter Bach vitja han var han ute i krig, så det er ikkje sikkert stykket vart godt motteke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David, Hans T.; Arthur Mendel, Christoph Wolff (1999). The New Bach Reader. W. W. Norton & Company. ss. 224. ISBN 0-393-31956-3. 
  2. Gaines, James R. (2006). Evening in the Palace of Reason: Bach meets Frederick the Great in the Age of Enlightenment. Harper Perennial. ss. 9–11. ISBN 978-0007153923. 
  3. Humphrey F. Sassoon (2003). JS Bach's Musical Offering and the Source of Its Theme: Royal Peculiar. The Musical Times, Vol. 144, No. 1885, s. 38-39

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]