Musikkgruppa Alcazar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alcazar

OpphavSverige
Aktiv19982011 (pause i 2006)
SjangerEurodance, nu-disco, pop, dancepop, europop og schlager
PlateselskapUniversal Records, Sony Music og Edel Music
Siste medlemmerAndreas Lundstedt (1998–2005, 2007–2011)
Therese Merkel (1998–2005, 2007–2011)
Lina Hedlund (2007–2011)
Tidlegare medlemmerAnnika Kjærgaard (1998–2005)
Magnus Carlsson (2002–2005)

Alcazar var ei svensk eurodancegruppe som har etablert seg som ei av dei mest suksessrike musikkgruppene i Sverige med ei rekkje hittar sida debutsingelen i 1999.[treng kjelde] Gruppa har seld over 12 millionar plater verda over mellom 2001 og 2004.[treng kjelde] Alcaza hadde òg suksess verda over med songen «Crying at the Discoteque», etter å ha vorte lista i USA, Brasil, Australia, Japan og dei fleste landa i Europa.[treng kjelde] Etter ein konsert på Stockholm Pride i august 2011 vart gruppa oppløyst.[1]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Alcazar har delteke fire gonger i Melodifestivalen, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Magnus Carlsson har òg delteke i Melodifestivalen i 2000, 2001, 2002, 2006 og 2007. I 2006 representerte Andreas Lundstedt, då ein del av gruppa six4one, Sveits i Eurovision Song Contest med songen «If We All Give A Little». Six4one enda på 17. plass med 30 poeng i finalen.

Melodifestivalen 2003[endre | endre wikiteksten]

Alcazar vart vald ut til å delta i den andre semifinalen i Melodifestivalen 2003 med songen «Not a Sinner Nor a Saint». Gruppa enda på tredjeplass og gjekk vidare til andresjansen. Dei vann andresjansen og fekk ein plass i finalen. I finalen enda gruppa på tredjeplass og fekk ikkje representere Sverige i Eurovision Song Contest 2003, men songen vart lista som #1 i Sverige og selde til gull.

Eurovision: Making Your Mind Up[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart Alcazar tildelt ein plass i Eurovision: Making Your Mind Up, den britiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina, men takka nei til å delta.

Melodifestivalen 2005[endre | endre wikiteksten]

I staden for å delta i den britiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2005 deltok dei heller i den svenske uttakinga, Melodifestivalen 2005. Med songen «Alcastar» gjekk deltok gruppa i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til andresjansen. Dei vann andresjansen og gjekk vidare til finalen. I finalen enda dei på tredjeplass og fekk heller ikkje då representere Sverige i Eurovision Song Contest. Songen vart likevel ein hit og vart den andre singelen deira som vart lista som #1 i Sverige.

Melodifestivalen 2009[endre | endre wikiteksten]

Alcazar deltok i den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2009 med songen «Stay the Night». Dei enda på andreplass og gjekk direkte vidare til finalen for fyrste gong. I finalen enda dei på femteplass og fekk ikkje representere Sverige i Eurovision Song Contest. Songen vart #2 i Sverige og gav Alcazar endå ein Topp 10-singel i Sverige.

Melodifestivalen 2010[endre | endre wikiteksten]

I den tredje semifinalen i Melodifestivalen 2010 deltok gruppa med songen «Headlines». Dei enda på fjerdeplass og gjekk vidare til andresjansen. Gruppa vart slått ut i andresjansen og fekk ikkje representere Sverige i Eurovision Song Contest.

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

Under den fjerde semifinalen i Melodifestivalen 2013 gjorde Alcazar eit førebels comeback. Saman med Danny Saucedo framførte dei «Stay the Night», «Alcastar» og «Not A Sinner Nor A Saint» i pausen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joni Nykäne (7. august 2011). «Här tar Alcazar farväl av fansen» (på svensk). Aftonbladet. Henta 11. mai 2013. 
  2. «Danny Saucedo blir den fjärde medlemmen i Alcazar» (på svensk). Sveriges Television. 18. februar 2013. Henta 12. mai 2013.