Musikkgruppa Alisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Алиса
Alisa
Alisa autographs1.jpg
V-H: Romanov, Kintsjov, Samojlov, Levin
Alias Alisa
Sjanger New Wave, Post-punk, Punkrock (tidleg)
Hardrock, heavy metal
Kristen rock, kristen metal, folkmetal (nyare tid)
Aktive år 1983 til i dag
Nettstad www.alisa.net
Medlemmer
Konstantin Kintsjov
Petr Samojlov
Jevgenij Levin
Igor Romanov
Andrej Vdovitsjenko
Dmitri Parfyonov
Tidlegare medlemmer
Svetoslav Zadery
Igor Tsjumytsjkin

Alisa (russisk Алиса) er eit russisk hardrockband, rekna som eit av dei viktigaste banda innan russisk rock.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alisa vart danna i november 1983 av bassisten Svjatoslav Zadery. Namnet på bandet kom frå kallenamnet til Zadery. Besetninga i bandet var komplett i 1984 då den nye vokalisten Kostja Kintsjov (verkeleg namn Konstantin Panfilov) og gitarist Petr Samojlov vart med i bandet. Debutalbumet Energia vart gjeve ut på det statlege plateselskapet Melodija og selde meir enn ein million eksemplar.

Forholdet mellom dei to leiarane i bandet, Konstantin og Zadery, vart dårlegare og til slutt slutta Svjatoslav i bandet. Dette skjedde berre ein time før Alisa skulle halde konsert. Alisa måtte be Kino bassist Igor Tihomirov om å steppe inn for han på konserten. Seinare skapte Zadery bandet Nateh!. Zadery døydde 6. mai 2011 etter eit slag, 50 år gammal.[1]

Bandet vart stadig meir populært og det vart skapt ein fanskare som kalla seg Alisa-armeen, kjend for den dårlege oppførselen sin på konsertar. Dette førte til fiendskap mellom bandet og sovjetiske styresmakter. I 1987 skulda avisa Smena leiaren i Alisa, Kintsjov, for nazi-propaganda og tilbeding av Hitler. Kintsjov saksøkte for baktaling og sverting av han sjølv. Etter ein eitt år lang rettsprosess måtte publisere ei reinvasking. Det neste albumet til Alisa vart kalla Statja 206 tsjast 2, eit kapittel («hærverk») i den sovjetiske prosseslova, som synte til denne prosessen.

Alisa spelar på Kavarna Rock Fest 2013

Det vart mange endringar i 1988, då gitarist Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin kom med i bandet. Denne endringar vart etterfølgd av ein tyngre stil på dei neste to albuma, Sjabasj (Heksesabbat) og Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny (Dei som fall frå månen). Alisa turnerte i Europa og Israel i lag med eit anna russisk heavy metal-band, Aria. Albumet Tsjornaja Metka (Svart merke) kom ut i 1994, tileigna minnet til Tsjuma, som tok sjølvmord ved å hoppe ut av eit vindauge.

I det nye tiåret vart stilen til Alisa stadig tyngre med album som Sejtsjas Pozdneje Tsjem Ty Dumajesj (Det er seinare enn du trur, 2003) og Izgoj (Eksil, 2005), med mellom anna element av nu, industrial og heavy metal. Musikkjournalistar omtalte Clawfinger som den største inspirasjonskjelda til Kintsjov. Dette gav Alisa ein ny fanskare i Russland, og tre songar frå Izgoj nådde toppen av NASJE radio-lista. Oppfølgjaren Stat Severa og Puls Hranitelia Dverej Labyrintha var mindre alternative og blanda eldre og nyare stilar. Alisa laga ein song for fantasifilmen Volkodav iz roda Serykh Psov, men songen kom ikkje med på musikkalbumet som følgde.

Alisa er framleis særs populære i Russland og russisktalande land, og rangert blant dei ti mest populære banda innan russisk rock,[2] og vart rangert øvst i lesarundersøkinga til Komsomolskaja Pravda.[3]

Tekstar og kristendom[endre | endre wikiteksten]

Kintsjov vart døypt i 1990, og sidan då har kristendomen vore ei viktig inspirasjonskjelde for tekstane hans. Sjølv om tidlege Alisa-tekstar var typiske for russisk rock - med sanfunnsprotestar - har tekstane sidan slutten av 1990-åra hovudsakleg vore baserte på idear frå kristendom, russisk patriotisme og ikkje-politisk kvit nasjonalisme.

Konstantin har eit godt forhold til prestar i den russisk-ortodokse kyrkja, særskild Andrej Kuraejv. Bandet har delteke på mange festivalar til støtte for religion.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Original tittel Translitterert tittel Omsetjing År
Кривозеркалье Krivozerkalje Gjennom det boga glaset 1984
Энергия Energija Energi 1985
Блок Ада Blok Ada Blokk av helvete / Blokade 1987
Шестой Лесничий Sjestoj Lesnitsjij Sjette skogforvaltar 1989
Статья 206 часть 2 Statja 206 tsjast 2 Paragraf 206 del 2 1989
Шабаш Sjabasj Heksesabbat 1991*
Для Тех, Кто Свалился с Луны Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny For dei som fall frå månen 1993
Чёрная Метка Tsjornaja Metka Svart merke 1994
Jazz Jazz Jazz 1996
Дурень Duren Tosk 1998
Солнцеворот Solntsevorot Solkverv 2000
Танцевать Tantsevat' Danse 2001
Сейчас Позднее, Чем Ты Думаешь Sejtsjas Pozdneje, Tsjem Ty Dumajesj Det er seinare enn du trur 2003
Изгой Izgoj Eksil 2005
Стать Севера Stat Severa Nordens ynde 2007
Пульс Хранителя Дверей Лабиринта Puls Khranitelja Dverej Labirinta Pulsen til vaktaren av labyrintdøra 2008
Ъ Ъ (Tverdii Znak) Ъ ( Det harde teiknet - russisk bokstav utan lyd) 2010
20.12 (Двадцать Двенадцать) 20.12 (Dvadtsat Dvenadtsat) 20.12 (Tjue tolv) 2011
Саботаж Sabotazj Sabotasje 2012

Sjabasj vart delvis spelt inn live og kan òg reknast som eit konsertalbum.

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Original tittel Omsetjing År og stad
Акустика часть 1 Akustisk vol.1 1988, Perm
Акустика часть 2 Akustisk vol.2 1985, Leningrad
Акустика часть 3 Akustisk vol.3 1988, Pskov
Акустика часть 4 Akustisk vol.4 1986, Novosibirsk
Шабаш Sabbat 1990, Moskva,
На Шаболовке Ved Sjabolovka 1995, Moskva, Sjabolovka
Пляс Сибири на берегах Невы Sibirdansen ved breidda av Neva 1997, St. Petersburg, Jubileinyj
Мы Вместе XX лет Me er i lag XX år 2003, St. Petersburg, Jubileiny

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Original tittel Omsetjing År
Red Wave: 4 Underground Bands from the USSR 1986
Легенды Русского Рока Legendar i russisk rock 1997
Энциклопедия Русского Рока Leksikon for russisk rock 2000
13 13 2003

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande besetning[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Svetoslav «Alisa» Zadery - bass, vokal (1983–1985)
  • Andrej Sjatalin - gitar (1983–2003)
  • Mikhail Nefedov - trommer (1983–2003)
  • Pavel «Pol Khan» Kondratenko - klaverinstrument (1983–1988)
  • Alexander Zjuravlev - saksofon (1987–1988)
  • Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin - gitar (1988–1993)
  • Andrej Korolev - klaverinstrument (1989–1993)
  • Alexander Ponomarev - gitar (1996–1998)
  • Boris Borisov - vokal, saksofon (1983)
  • Ljudmila «Teri» Kolot - vokal (1986)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Musikkgruppa Alisa