Musikkstykket Atom Heart Mother

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atom Heart Mother
Instrumental av Pink Floyd
frå albumet Atom Heart Mother
Utgjeve
  • 2. oktober 1970 (Storbritannia)
  • 10. oktober 1970 (USA)
Innspelt March–June 1970
Studio Abbey Road, London
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 23:44[2]
Selskap Harvest
Komponist David Gilmour, Nick Mason, Roger Waters, Richard Wright, Ron Geesin
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar)
Produsent

«Atom Heart Mother» er eit musikkstykke av det britiske bandet Pink Floyd, komponert av heile bandet og Ron Geesin for albumet med same namn.[3] Stykket tok opp ei heil vinylside og er det lengste udelte stykket til Pink Floyd med 23 minutt og 44 sekund, 11 sekund lenger enn «Echoes».[4] Pink Floyd framførte stykket på konsertane sine mellom 1970 og 1972, stundom med blåsarar og kor i 1970–71.[3]

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I følgje Nick Mason vart trommene og bassen til stykket spelt inn i ein eingong, og derfor varierer tempoet i songen noko.[5]Roger Waters høyrde David Gilmour spele gitarpartane for stykket a han at det minna han om kjeningsmelodien til westernfilmen The Magnificent Seven.[6]

Songen var den siste Pink Floyd-komposisjonen der nokon utanfor bandet stod oppført som medlåtskrivar før 1979 (om ein ser bort Clare Torry sine bidrag til «The Great Gig in the Sky», som ho er blitt tilskriven for i seinare tid etter eit forlik med Pink Floyd).[3]

Forsøk på filmbruk[endre | endre wikiteksten]

Stanley Kubrick ønskte å bruke dette stykket i filmen A Clockwork Orange, men bandet avslo.[7] Kubrick synte derimot plateomslaget i filmen. Ein kan sjå det på hylla i platebutikken. Fleire år seinare nekta Kurick Waters i å bruke lydar frå filmen hans 2001: A Space Odyssey på Waters sitt soloalbumAmused to Death.[8]

Konsertframføringar[endre | endre wikiteksten]

Bandet var i starten entusiastiske til å spele heile suiten. Ei tidleg utgåve vart teken opp for fjernsynsstasjonen KQED i San Francisco med berre bandet, den 28. april 1970.[9] To store framføringar vart haldne på Bath Festival of Blues and Progressive Music den 27. juni og «Blackhills Garden Party» i Hyde Park i London den 18. juli. Ved begge høve vhadde dei med seg John Alldis Choir og Philip Jones Brass Ensemble.[10] Seinare tok bandet med seg eit heilt blåseorkester og kor på turné for å framføre dette stykket.[11] Men dette førte til at dei tapte pengar på turneen og bandet hadde problem med dei innleigde musikarane som skifta frå konsert til konsert, sidan dei berre tok dei som var tilgjengelege. Mangelen på øving og problem med å få nok mikrofonar til heile koret så ei full framføring var vanskeleg. Gilmour snakka om dette og sa «somme i blåserekkja har vore heilt håplause».[12] I følgje Mason kom bandet til ein konsert i Aachen i Tyskland, og oppdaga at musikarane hadde gløymt notearka heime, slik at turnémanageren Tony Howard måtte reise attende til London for å hente dei.[13]

Eit seinare arrangement utan blåsarar eller kor og kutta ned frå 25 minutt til femten utan «kollasjen» og avslutninga, vart verrande i konsertrepertoaret til bandet fram til 1972. Dei første konsertutgåvene av The Dark Side of the Moon i Brighton vart stoppa halvvegs og etter ein pause spelte bandet Atom Heart Mother i staden for.[14] Siste gongen Pink Floyd framførte verket var 22. mai 1972 på Olympisch Stadion i Amsterdam i Nederland.[15]

Den 14. og 15. juni 2008 framførte Geesin «Atom Heart Mother» med det italienske hyllestbandet Mun Floyd på tok konsertar under Chelsea Festival.[16] Geesin introduserte det med ein historie og eit slideshow. Med på framføringa var kammerkoret Canticum,[17] og hornspelar og cellisten Caroline Dale, som har arbeidd med Gilmour. På den andre konserten vart Gilmour med på scenen for framføringa, då stykket vart strekt ut til 30 minuttar.[18]

Seksjonar[endre | endre wikiteksten]

Stykket er delt inn i seks delar, og det er noko usemje om når dei forskjellige delane startar. Tidene i parentes er tidene som flest personar meiner er dei riktige.

Father's Shout (0:00-5:25)[endre | endre wikiteksten]

Stykket opnar med ein låg synthesizer tone før blåseinstrumenta set inn og skapar ein dramatisk effekt. Blåsarane og trommene spelar eit minutt eller to, før musikken vert rolegare med bratsj, elektrisk bass og orgel. Etter dette følgjer ein slidegitarsolo med mykje klang.

Breast Milky (5:25-10:12)[endre | endre wikiteksten]

Like etter gitarsoloen startar eit fem minutt langt korparti i lag med orgelet til Wright og trommene til Mason.

Mother Fore (10:12-15:32)[endre | endre wikiteksten]

Ein enkel improvisasjon, ikkje ulik parti i «Echoes» på Meddle og «Any Colour You Like» på The Dark Side of the Moon. Dette partiet inneheld den andre gitarsoloen i songen, men er meir bluesaktig enn den første. Etter ei stund kjem koret tilbake og syng lydar som høyrest ut som «Tea, toast, coffee, yeah» og «Sa sa sa sa sa sausage rrrrrrrroast beef». Songen byggjer seg så sakte opp til hovudtemaet med blåsarane frå introen.

Funky Dung (15:32-17:43)[endre | endre wikiteksten]

Det første av to meir bråkete stykke av songen, og inneheld mange lydar i høg tone. Etter ei stund kan ein høyre ei forvrengd stemme som seier «Here is a loud announcement», om lag 10 sekund før neste seksjon startar.

Mind Your Throats, Please (17:43-19:49)[endre | endre wikiteksten]

Dette er det andre meir bråkete stykket, men brukar forskjellige instrument og parti som tonar inn og ut. Mange av desse er små utdrag frå tidlegare parti i stykket. Slutten av partiet byggjer seg opp mot det siste temaet, og like før det startar kan ein høyre ei forvrengd stemme rope «Silence in the studio!». Temaet i stykket vert spelt om att, før det heile roar seg ned til neste seksjon.

Remergence (19:49-23:44)[endre | endre wikiteksten]

Dette stykket er ein reprise av bratsjsoloen etterfølgd av ein ny slidegitarsolo. Dette fører fram mot den klimatiske slutten der koret, blåseinstrumenta og heile bandet er med på hovudtemaet. Det heilar endar med ein svært lang tone.

Arbeidstitlar[endre | endre wikiteksten]

Arbeidstitlane for dette stykket endra seg nokre gonger under skrivinga og innspelinga. Då det første hovudtemaet vart komponert kalla David Gilmour det «Theme from an Imaginary Western».[6][19] Den første arbeidstittelen for heile stykket var «Epic»,[19] skriven for hand av Ron Geesin på toppen av det originale notearket hans. Verket vart introdusert 27–28. juni 1970 ved Bath Festival of Blues and Progressive Music som «The Amazing Pudding».[20]

I juli 1970 peika Ron Geesin Roger Waters mot utgåva av Evening Standard frå 16. juli 1970 og bad han finne ein songtittel i avisa. Waters såg ein artikkel om ei gravid kvinne som hadde fått ein atomdriven pacemaker. Overskrifta var «Atom Heart Mother Named».[3][21]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ei forkorta utgåve av stykket vart vurdert for albumet Echoes: The Best of Pink Floyd, men kom ikkje med på den endelege sporlista.[22] Fleire konsertopptak og tidlege versjonar av stykket finst i plateboksen The Early Years 1965–1972 i både lyd og video.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Medan bandet sjølv sidan har uttrykt seg negative om både stykket og albumet,[11] har andre, som Irving Tan frå Sputnik Music snakka varmt om stykket.[23] Tan har skildra suiten som «eit utruleg fokusert og velskrive stykke lounge-musikk – trass i at bandet hevdar det motsette».[23]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murphy, Sean (22. mai 2011). «The 25 Best Progressive Rock Songs of All Time». PopMatters. Henta 18. juni 2019. 
  2. Atom Heart Mother (LP record label). Pink Floyd. Harvest Records. 1970. Side ein. SKAO-382. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus. ISBN 0-7119-4301-X. 
  4. Schaffner, Nicholas (2005). «The Amazing Pudding». Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 158. ISBN 1-905139-09-8. 
  5. Atom Heart Mother - Trivia and Quotes, Pink Floyd Co., arkivert frå originalen 8. oktober 1999, henta 28. desember 2006 
  6. 6,0 6,1 Schaffner, Nicholas (2005). «The Amazing Pudding». Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 157. ISBN 1-905139-09-8. 
  7. Echoes FAQ
  8. «Roger Waters Cape Town 27. februar 2002». Rock.co.za. Arkivert frå originalen 4. april 2012. Henta 18. juni 2019. 
  9. Povey 2006, s. 131.
  10. «Timeline : 1970». Pink Floyd – The Official Site. Arkivert frå originalen den 15. august 2012. Henta 18. juni 2019. 
  11. 11,0 11,1 Schaffner 2005, s. 163.
  12. Povey 2006, s. 122.
  13. Mason 2004, s. 135–138.
  14. Povey 2006, s. 164.
  15. Povey 2006, s. 168.
  16. New Musical Express (2. juni 2008). «Dave Gilmour to perform 'Atom Heart Mother' with tribute band». Arkivert frå originalen den 7. november 2012. Henta 18. juni 2019. 
  17. Canticum. «Canticum – Testimonials». Arkivert frå originalen den 23. juli 2012. Henta 18. juni 2019. 
  18. Brain Damage (15. juni 2008). «Ron Geesin – Atom Heart Mother, Cadogan Hall, London – June 14th 2008». Arkivert frå originalen den 17. juni 2013. Henta 18. juni 2019. 
  19. 19,0 19,1 Manning, Toby (2006). «Set the Controls». The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 62. ISBN 1-84353-575-0. 
  20. Mark Blake (2008). Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. Da Capo Press. s. 134. ISBN 078672708X. 
  21. Manning, Toby (2006). «Set the Controls». The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 63. ISBN 1-84353-575-0. 
  22. Guthrie, James. «James Guthrie: Audio: Building A Compilation Album». Pink Floyd. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 13. juni 2019. 
  23. 23,0 23,1 Tan, Irving (18. september 2010). «Review: Pink Floyd – Atom Heart Mother». www.sputnikmusic.com. Henta 13. juni 2019. 
  24. http://tapeop.com/interviews/42/alan-parsons/
  25. named in Ron Geesin's book 'The Flaming Cow: The Making of Pink Floyd's Atom Heart Mother' (2013, The History Press)