Muskö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°0′2.8548″N 18°7′56.093″E Muskö er ein svensk tettstad og ei øy i Haninge kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 287 innbyggjarar.

Øya ligg mellom Horsfjärden og Mysingen i Stockholms skjergard. Øya har eit areal på 30 km². Det vart opna ein orlogsbase på staden i 1969. Her er òg marineverft, dokkanlegg og verkstader som delvis er innsprengt i fjell, og delvis under havoverflata. Det går ein undersjøisk vegtunnel frå øya til fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]