Mustafa Pasja bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mustafa Pasja bru
Mustafa Pasha Bridge, Svilengrad - 4.jpg
Transporterer Fotgjengarar
Kryssar Maritsa
Stad Svilengrad i Bulgaria
Utforming Bogebru
Lengste spenn 18 m
Total lengd 300 m
Breidd 6 m
Opna 1529

Mustafa Pasja bru eller Starijat most (Старият мост) (Den gamle brua) er ei bogebru over Maritsa i Svilengrad, sør i Bulgaria. Ho vart opna i 1529, og er representativ for tidleg ottomansk arkitektur. Brua er eit av symbola på Svilengrad, og er ei av årsakene til framgangen byen har hatt gjennom hundreåra. Ho er om lag 300 meter lang, 6 meter brei, og har 20 bogar.

Ein flaum øydela nokre av bogane i 1766, og ein rekonstruksjon stod ferdig i 1809.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]