Muswell Hillbillies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muswell Hillbillies
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 24. november 1971
Innspelt August til oktober 1971 i Morgan Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 44:39
Selskap RCA
Produsent Ray Davies
Kritikk
The Kinks-kronologi
Percy
(1971)
Muswell Hillbillies Everybody's in Show-Biz
(1972)

Muswell Hillbillies er eit album av det engelske rockebandet The Kinks, som kom ut i november 1971. Albumet er kalla opp etter Muswell Hill-området i London, der bandleiaren Ray Davies og gitarist Dave Davies vokste opp, og der bandet oppstod tidleg i 1960-åra. Ironisk nok vart biletet på framsida av plateomslaget teken i The Archway Tavern, ein pub meir enn 3 km frå Muswell Hill.

Albumet er ei variert samling av songar av Ray Davies med fokus på frustrasjon og stress i det moderne livet. Albumet varierer musikalsk frå rock («20th Century Man») og country («Muswell Hillbilly») til blues («Here Come the People in Grey») og teatralsk, varieté-inspirerte songar («Alcohol»).

Mange kritikarar reknar dette som det siste av dei store albuma til bandet i «gullalderen» deira frå 1966 til 1972. I 1984 kalla Rolling Stone dette albumet «kjenningsbodskapet» til lågskrivaren.

Muswell Hillbillies var det første albumet bandet gav ut på RCA Records, etter at dei hadde forlate det førre plateselskapet sitt Pye Records (Reprise Records i USA). Hillbillies vart ikkje ein kommersiell suksess (det gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia og var berre ein moderat suksess i USA), og salstala var skuffande samanlikna med suksessen til Lola året før. Men det fekk god kritikk og vart kåra til årets album i 1972 av Stereo Review.

Etter det neste albumet til The Kinks, Everybody's in Show-Biz i 1972, tok Davies bandet inn ein fire år lang «teatralsk» periode (1973-1976) med fleire musikarar i bandet, tematiske konseptalbum og omfattande sceneshow.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies. 

# Tittel Lengd
1. «20th Century Man»   5:57
2. «Acute Schizophrenia Paranoia Blues»   3:32
3. «Holiday»   2:40
4. «Skin and Bone»   3:39
5. «Alcohol»   3:35
6. «Complicated Life»   4:02
7. «Here Come the People in Grey»   3:46
8. «Have a Cuppa Tea»   3:45
9. «Holloway Jail»   3:29
10. «Oklahoma U.S.A.»   2:38
11. «Uncle Son»   2:33
12. «Muswell Hillbilly»   4:58
Bonusspor på CD-utgåve
# Tittel Lengd
13. «Mountain Woman»   3:08
14. «Kentucky Moon» (demo) 3:57