Mutualisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mutualistisk)
Kutlingen Amblyeleotris lever mutualistisk saman med reka Alpheus i eigne bol. Reka grev ut og gjer reint i holet, medan kutlingen åtvarar den nesten blinde reka mot rovfisk.

Mutualisme er ein symbiose mellom ulike organismar, kor begge partar får eit positivt utbytte av tilhøvet. Døme på dette kan t.d. vera oksehakkarar som lever av parasittiske insekt dei plukkar av store pattedyr, maur som passar på bladlus og til gjengjeld får sukker, klovnefisk som fangar mat til sjøanemonene dei bur i eller for den saks skuld tilhøvet mellom mennesket og hunden.

Mellom dei mest ekstreme døma på mutualisme kan me nemna lav, som er felles vekst mellom sopp og alger, eller ymse korallar som har innlemma fotosyntetiserande algar i kroppen sin. Mitokondriane og kloroplastane i eukariote celler er truleg òg opphavleg mutualistiske bakterier.

Det finst fleire ulike former for mutualisme. Obligat mutualisme er når dei ulike artane som er involverte ikkje kan overleva utan kvarandre, til dømes ballblom og ballblomfluge. Fakultativ mutualisme er når dei ulike partane har fordel av samlivet, men fint klarar å overleva på eiga hand.

Døme på mutualistiske organismar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]