My Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«My Girl»
Singel av The Temptations
frå albumet The Temptations Sing Smokey
B-side

«(Talking 'Bout) Nobody But My Baby»

Språk engelsk
Utgjeve 21. desember 1964
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 25. september, 10. november og 17. november 1964
Sjanger Soul
Lengd 2:59
Selskap Gordy
G 7038
Komponist Smokey Robinson, Ronald White
Tekstforfattar Smokey Robinson, Ronald White
Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Ronald White
Produsent Smokey Robinson
Ronald White
Kritikk
  • Jason Ankeny, All Music Guide lenkje
The Temptations-kronologi 
«Girl (Why You Wanna Make Me Blue)»
1964
«My Girl» «It's Growing»
1965


«My Girl» er ein song av 21. desember 1964 og ein hitsingel av The Temptations for Gordy (Motown). Songen er skriven og produsert av Miracles-medlem Smokey Robinson og Ronald White, og vart den første førsteplassen til the Temptations i USA, og er i dag signaturlåten deira. Inspirasjonen til Robinson for å skrive songen var kona hans, Miracles-medlem Claudette Rogers Robinson og han meinte opphavleg at gruppa hans skulle spele inn songen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innspeling og suksess[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av «My Girl» var den første Temptations-singelen med David Ruffin på solovokal. Tidlegare hadde Eddie Kendricks og Paul Williams hatt denne rolla, og Ruffin hadde kome med i bandet som erstatning for Elbridge «Al» Bryant. Medan dei var på turne som ein del av Motortown Revue, ein turne med mange Motown-artistar, fekk Smokey Robinson med seg Temptations sin del av showet. Gruppa spelte ein medley av soul-standardar i showet, der mellom anna Ruffin song The Drifters sin «Under the Boardwalk». Robinson vart imponert og ønskte å produsere ein singel med Ruffin på solovokal. Robinson såg stort potensiale i Ruffin med ei unik stemme som var mjuk, men samstundes barsk.[1] Robinson meinte at om han berre kunne skrive ein song som passa stemma til Ruffin perfekt, så ville han ha ein kjempehit.[2] Etter å ha overtydd bandmedlemmane til Ruffin, spelte Robinson inn «My Girl» med The Tempetations, i staden for The Miracles og fekk Ruffin til å ta solovokalen.

«My Girl» klatra til toppen på den amerikanske poplista rundt juletider i 1964, og han vart den første førsteplassen til the Temptations. Singelen vart òg den første til å toppe Billboard R&B Singles-lista, som hadde vore lagt ned mellom 1963 og 1965. Songen vart den første i ei rekkje store hittar med Ruffin på vokal, som «It's Growing» (1965), «Since I Lost My Baby» (1965), «My Baby» (1965), «Ain't Too Proud to Beg» (1966), «Beauty Is Only Skin Deep» (1966), «(I Know) I'm Losing You» (1966), «All I Need» (1967), «(Loneliness Made Me Realize) It's You That I Need» (1967), «I Wish It Would Rain» (1967 og «I Could Never Love Another (After Loving You)» (1968). Den tidlegare korvokalisten vart raskt frontfiguren i bandet. Etter å ha leia gruppa til mange hitsinglar, starta han å utvikle eit stort ego. Han vart seinare sparka frå gruppa.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 88. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Året etter gav Otis Redding ut ein meir tradisjonell blues-utgåve av songen. Denne vertsjonen vart produsert av Steve Cropper og gjeve ut på det kritikarroste albumet Otis Blue: Otis Redding Sings Soul. Han vart òg gjeve ut på singel, men nådde berre 11. plass på lista i USA. Al Green har òg gjeve ut ei utgåve på Green is Blues.

Andre band som har spelt inn songen er The Rolling Stones, The Mamas & the Papas, Dolly Parton, Suave, Michael Jackson, Stevie Wonder, Marvin Gaye og Westlife.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå [1]@5:53
  2. Sjå [2]@6:02
  3. «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time». Henta 28. februar 2009.