My Life in the Bush of Ghosts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
My Life in the Bush of Ghosts
Studioalbum av David Byrne og Brian Eno
Utgjeve Februar 1981
Innspelt 4. august 1979 – oktober 1980, RPM Studios, New York City, New York; Blue Rock Studios, New York; Eldorado, Los Angeles; Different Fur, San Francisco; Sigma, New York
Sjanger Eksperimentell musikk, kunstrock
Lengd 39:40
Selskap Sire
Produsent David Byrne og Brian Eno
Kritikk

Deluxe-utgåva

David Byrne-kronologi
My Life in the Bush of Ghosts The Catherine Wheel
(1981)
Brian Eno-kronologi
Ambient 3: Day of Radiance
(1980)
My Life in the Bush of Ghosts Ambient 4: On Land
(1982)

My Life in the Bush of Ghosts er eit album frå 1981 av Brian Eno go David Byrne, kalla opp etter ein roman av Amos Tutuola frå 1954. Albumet vart gjeve ut på nytt i utvida format i 2006.

Albumet fekk særs god kritikk då det kom ut og vert i dag rekna som eit høgdepunkt i diskografiane til både Eno og Byrne.[2] I eit intervju i 1985 sa songaren Kate Bush at albumet «sette eit stort merke på popmusikken»,[3] medan kritikar John Bush skildra det som «eit pionerarbeid for tallause stilartar knytte til elektronisk musikk, ambient musikk og verdsmusikk[4] Den omfattande bruken av samplingMy Life vert generelt rekna som banebrytande—det var eit av dei første albuma der dette vart gjort i større omfang—men om det faktisk påverka den samplingsbasert musikken som kom seinare kan diskuterast.[5][6]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Eno og Byrne arbeidde først i lag då dei samarbeidde på More Songs About Buildings and Food, albumet frå 1978 av bandet til Byrne, Talking Heads. My Life vart hovudsakleg innspelt i ein turnepause etter Fear of Music (1979) og innspelinga av Remain in Light (1980), begge Talking Heads-album produserte av Eno. Utgjevinga av albumet vart forseinka då dei søkte om løyve til å nytte dei mange samplingane som vert nytta på albumet.[7]

Musikken er basert på funk og verdsmusikk (særleg perkusjonsrytmar frå afrikansk musikk) og My Life liknar slik sett på musikken til Talking Heads på same tida. Byrne skreiv i plateomslaget til 2006-utgåva at dei ofte nytta vanlege trommesett, men at dei ofte bytta ut til dømes basstromma med ei pappøskje eller skarptromma med ei steikepanne, slik at den kjende trommelyden vart blanda med uvanlege perkusjonstonar.

I staden for vanleg synging, er det meste av vokalen samplingar frå andre kjelder, som reklamar med arabiske songarar, radiopratarar og ein eksorsist. Musikarar hadde nytta samplingar før dette, men kritikar Dave Simpson[8] hevdar at det aldri hadde vorte nytta med «ein slik enorm effekt» som på My Life.

Albumet vart laga utelukkande med analog teknologi, før digitale sekvensarar og MIDI vart oppfunnen. Dei sampla stemmene måtte synkroniserast med instrumentale spor via prøv-og-feile-metoden, noko som ofte var frustrerande.

2006-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut att på ny den 27. mars 2006 i samband med 25-årsjubileet for plata, og vart nymastra og gjeven ut med sju nye spor. To songar vart gjort tilgjengeleg for nedlasting på Internett. Ein kunne laste ned kvart enkelt lydspor og under Creative Commons-lisensen kunne ein lage sine eigne miksar som ein så kunne laste opp att på nettsida.

Songen «Qu'ran» vart fjerna frå denne utgåva utan kommentarar. Sporet vart derimot fjerna etter krav frå ein islamsk organisasjon i London, som hevda det var blasfemi at dei hadde lagt rytmar over opplesing frå Koranen.[9]

Under arbeidet med nyutgjevinga i 2006, byrja Eno og Byrne å diskutere eit nytt prosjekt i lag, som vart albumet Everything That Happens Will Happen Today, som kom ut i 2008.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Byrne og Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «America Is Waiting» (arr. Eno, Byrne, Bill Laswell, Tim Wright, David Van Tieghem) 3:36
2. «Mea Culpa»   3:35
3. «Regiment» (Eno, Byrne, Michael Busta Cherry Jones) 3:56
4. «Help Me Somebody»   4:18
5. «The Jezebel Spirit»   4:55
Side to
# Tittel Lengd
6. «Qu'ran»   3:46
7. «Moonlight in Glory»   4:19
8. «The Carrier»   3:30
9. «A Secret Life»   2:30
10. «Come with Us»   2:38
11. «Mountain of Needles»   2:35
Bonusspor på 2006-utgåva
# Tittel Lengd
12. «Pitch to Voltage»   2:38
13. «Two Against Three»   1:55
14. «Vocal Outtakes»   0:36
15. «New Feet»   2:26
16. «Defiant»   3:41
17. «Number 8 Mix»   3:30
18. «Solo Guitar with Tin Foil»   3:00

På den andre utgåva frå 1982 vart sporet «Qu'ran» fjerna.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:David Byrne