Myggetarar
| Myggetarar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Conopophagidae | |
Myggetarar, Conopophagidae, er ein familie av sporvefuglar med utbreiing i Sør-Amerika. Dette er ein familie på 10 artar i to slekter Conopophaga og pittasoma. [1] Det finst relativt lite kunnskap og få studiar om myggetarar grunna fjerne og uklåre habitat for artane.
Myggetarar har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng. Somme artar lever i tett kratt, andre i meir open skog. Men alltid mellom bakken og ca. 1,5 m over bakken, sjeldan direkte på bakken med unntak for å snappe føde.
Fuglane har ei rund kroppsform, har kort stjert, lange bein og står oftast oppreist. Dei er frå 12 til 18 cm i lengd. Kjønna har ulike fjørdrakter, hannane har attraktive fargar i raude og brune nyansar. Dei fleste artane har ein kvit dott bak augo.
Som namnet seier er desse artane insektetarar. To metodar for å fange byttet er vanlege; den eine er å slå seg ned litt over skogbotnen og for søkje bytte og så kaste seg ned for å snappe det. Den andre metoden er å plukke insekt direkte frå bladverk, trestammar og greiner av låg vegetasjon. Typiske byttedyr omfattar kongroer, larver, grashopper og biller. Ein har observert at individ av enkelte artar et frukt og i eitt døme ein frosk.
Artsliste [endre]
- Familie Conopophagidae
- Slekt Conopophaga
- Amazonmyggetar, Conopophaga aurita
- Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops
- Rustmyggetar, Conopophaga lineata
- Hettemyggetar, Conopophaga roberti
- Perumyggetar, Conopophaga peruviana
- Skifermyggetar, Conopophaga ardesiaca
- Andesmyggetar, Conopophaga castaneiceps
- Svartbrystmyggetar, Conopophaga melanogaster
- Slekt Pittasoma
- Svartkronemaurpitta, Pittasoma michleri
- Rustkronemaurpitta, Pittasoma rufopileatum
- Slekt Conopophaga
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ South American Classification Committee (SACC) i American Ornithologists' Union har i 2005 flytta dei to artane i slekta Pittasoma frå Formicariidae til Conopophagidae i sin systematikk, sjå Klassifisering 'Thamnophilidae to Rhinocryptidae'. Det er reflektert i dei mest brukete taksonomilister som Clementslista frå desember 2009
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gnateater frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
-
- Rice, Nathan H. (2005a): Phylogenetic relationships of antpitta genera (Passeriformes: Formicariidae). PDF fulltext
-
- Rice, Nathan H. (2005b): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). Condor 107(4): 910-915. [Engelsk språk med samandrag på spansk] PDF fulltext
-
- Whitney, B.M. (2003) Family Conopophagidae (Gnateaters) Pp 732-748 in del Hoyo J., Elliott A. & Christie D.A. (2003) Handbook of the Birds of the World Volume 8. Broadbills to Tapaculos, Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-50-4
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)