Myggsmettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Myggsmettar


Kaliforniamyggsmett Polioptila californica
Kaliforniamyggsmett Polioptila californica

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Polioptilidae

Myggsmettar (Polioptilidae) er ein familie med omkring 15 artar av små sporvefuglar som finst i store delar av Amerika med unntak av delane lengst sør i Sør-Amerika og dei høgste regionane i Andes. Dei fleste myggsmettane lever som standfuglar i tropiske og subtropiske område, men nordmyggsmetten, Polioptila caerulea, i USA og sørlege Canada migrerer sørover vinterstid. Myggsmettar er nære slektningar av gjerdesmettar.

Desse sarte fuglane er mellomledd mellom songarar og gjerdesmettar i oppbygging og levevis, slik dei flyttar seg kvilelaust gjennom lauvverk på søk etter insekt. Myggsmettar er mest mjukt blålege til gråe i farga, og har dei typiske lange spisse nebba til insektetarar. Mange artar, og spesielt hannane, har karakteristisk svart hette eller mønstre på hovudet, og lange, oftast oppståande hale i svart og kvitt. Dei tre artane av dei forsiktige knottsmettane er brunlege, fyldigare, har relativt kortare stjert og lengre nebb.

Knottsmettane førekjem tett, ofte fuktige, krattskog, medan myggsmettar, avhengig av arten, lever i alt frå tørre kratthabitat (for eksempel kaliforniamyggsmett) til skogtaket i fuktig regnskog i Amazonas (for eksempel amazonasmyggsmett). Dei nordamerikanske artane hekkar i buskar eller tre, men hekkevanane til fleire av dei neotropiske artane er i hovudsak ukjente.

Ein art ny for vitskapen, den kritisk truga varillalmyggsmett Polioptila clementsi, blei først skildra i 2005. Denne arten er medlem av amazonasmyggsmett- (Polioptila guianensis) samlinga, som det nyleg var gjort framlegg om inndeling i fire artar, men ikkje alle autoritetar i systematikk har akseptert dette, blant desse er American Ornithologists' Union, SACC.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Myggsmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Slekt Microbates

Slekt Ramphocaenus

Slekt Polioptila

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gnatcatcher frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Atwood, J, og S. Lerman (2006). «Family Polioptilidae (Gnatcatchers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. Old World Flycatchers to Old World Warblers. Handbook of the Birds of the World. Band 11. Barcelona: Lynx edicions. ss. 350-377. ISBN 849655306X. 
  • Whitney, B., A. Alonso (2005). A new species of gnatcatcher from the white-sand forests in northern Amazonian Peru with revision of the Polioptila guianensis complex. Wilson Bull. 117(2): 113-210.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updateindex/23aug2011overview/, henta 2. juni 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]