Mykola Pymonenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Påskemorgonbøn i Kviterussland
Offer for fanatisme, 1901

Mykola Kornilovitsj Pymonenko (ukrainsk: Микола Корнилович Пимоненко), (russisk: Николай Корнилович Пимоненко), (9. mars 186226. mars 1912) var ein ukrainsk og russisk målar. Pymonenko var ein av dei fremste sjangermålarane i Ukraina og vart møtt med fagnad i det russiske imperiet. Han var medlem av St. Petersburgs kunstakademi frå 1904 og av kunstrørsla Peredvizjnikij.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mange av Pymonenkos måleri er allmenngjorde portrett over, og ei lekamleggjering av, ei folkeleg oppfatning om arbeidsmennesket. Tematisk vende han seg òg mot bøndene og deira arbeid, framstilte typiske scener frå kvardagslivet med landskap i bakgrunnen.

Pymonenko laga illustrasjonar til fleire av Taras Sjevtsjenko sine dikt. Hans totale produksjon var på over 700 sjangerbilete, landskapsmåleri og portrett. Pymonenko tok elles del i målinga av veggmåleria i Volodymyrskatedralen i Kiev.

Han var fødd i Kiev og døydde i same byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mykola Pymonenko