Mykolajiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°58′0″N 32°00′0″E
Mykolajiv
ukrainsk Миколаїв, russisk Николаев, Nikolajev
by
none  Leninavenuen i Mykolajiv.
Leninavenuen i Mykolajiv.
flagg
våpen
Kallenamn: Skipsbyggarbyen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Mykolajiv oblast
Rajon Mykolajiv bykommune
koordinatar 46°58′0″N 32°00′0″E
Areal 260 km²
Folketal 498 748 (2011)
Tettleik 1 918 / km²
Grunnlagd 1789
 - Byrettar 1789
borgarmeister Volodymyr Tsjaika
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 54000
Retningsnummer +380 512
Bilnummer BE
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: gorsovet.mk.ua

Mykolajiv (ukrainsk Миколаїв), òg kjend som Nikolajev (russisk Николаев) er ein by sør i Ukraina og det administrative senteret i Mykolajiv oblast. Mykolajiv er den største skipsbyggarsenteret ved Svartehavet og i heile Aust-Europa. Byen har òg ei elvehamn og kring ein halv million innbyggjarar.

Flyfoto av byen.

Mykolajiv har ein velordna byplan som viser at utvikla var godt planlagt frå grunnlegginga av byen. Hovudgatene er breie avenuar. Ein viktig del av byen er dei vakre parake. Park Pobedy (Siger) er ein stor park på ei halvøy like nord for sentrum av byen, på nordsida av elva Inhul.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Mykolajiv ligg på ei halvøy i steppeområdet i Ukraina, 65 km frå Svartehavet langs estuaret til elva Søndre Buh (der ho møter Inhul).[1]

Både Inhul og Søndre Buh følgjer eit svingande løp like før dei renn saman nordaust i Mykolajiv. Dette har skapt lange og smale halvøyar like nord for Mykolajiv og sentrum av byen ligg sjølv på ei halvøy i ein 180 graders sving i Søndre Buh.

Byen har eit moderat kontinentalklima med milde vintrar og varme somrar.[2] Årsmiddeltemperaturen i Mykolajiv er 10 °С. Den lågaste middeltemperaturen er i januar (-3,1 °С); og høgast i juli (22,3 °С).[2]

Mykolajiv har ein årsmiddelnedbør på 472 mm , med minst nedbør i oktober og mest i juli. Det kjem snø i Mykolajiv kvar vinter, men sjeldan mykje.

Klimadata for Mykolajiv
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C -1 0 5 14 21 25 27 26 20 14 8 2 14
Døgnmiddeltemp. °C -3.1 -1.8 2.6 10.2 16.5 20.4 22.3 21.8 16.9 10.3 4.4 -0.1 10,0
Normal min. temp. °C -6 -5 0 6 11 15 17 16 11 6 0 -2 6
Nedbør (mm) 35.7 35.4 29.0 32.3 43.5 54.2 56.2 41.0 39.5 21.5 36.4 42.6
Normal mengd nedbørdagar 6.4 6.1 5.5 5.5 6.5 6.5 5.1 4.1 4.3 3.3 5.9 7.4 66,6
Normale månadlege solskinstimar 68.2 73.5 120.9 180.0 263.5 288.0 306.9 294.5 231.0 167.4 69.0 52.7 2 115,6
Kjelde nr. 1: Meteoprog.ua[2]
Kjelde nr. 2: Hong Kong Observatory .[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mykolajiv, måleri av Fjodor Aleksejev, 1799.

Historia til byen har alltid vore nært knytt til skipsbygging.[4] Byen vart grunnlagd i 1789 av den russiske generalguvernøren prins Grigorij Potemkin, først som eit skipsverft. Etter kvart vart skipsverftet kalla Nikloajev til minne om dagen då Otsjakov fall til russiske soldatar under hans kommando den 6. desember 1788, nær St. Nikolas-dagen, den 19. desember i den russiske-ortodokse kyrkja. Hovudkvarteret til den russiske svartehavsflåten var i over 100 år i Nikolajev før det vart flytta til SevastopolKrimhalvøya. Under Krimkrigen vart byen den viktigaste støttebasen til den russiske marinen. Det meste av føretaka i byen var knytt til militærindustrien, så Mykloajiv var lenge lukka for utlendingar.[5]

I 1820 grunnla admiral Aleksej Greig Mykolayiv astronomiske observatorium i byen, medan han var guvernør her. Han utvikla òg andre delar av byen og bygde mellom anna hamna her og utover på 1800-talet vart Mykloajiv ei viktig handelshamn. Seint på 1800-talet var hamna i Mykoljaiv den tredje største i Det russiske imperiet etter St. Petersburg og Odessa.

Mykolajiv var òg eit stort jødisk senter i Det russiske imperiet på 1800-talet. Byen vart underlagt Sovjetunionen i 1920. Mykloajiv vart okkupert av tyskarane under andre verdskrigen frå 16. august 1941. Under okkupasjonen var det ei motstandsrørsle i byen som dreiv geriljaaktivitet. Byen vart frigjort 28. mars 1944.

I etterkrigstida vart Mykolajiv eit skipsbyggingsenter i Sovjetunionen med tre skipsverft.

Sovjetiske bustadblokker i bydelen Namyv i Mykolajiv.

I mars 2012 vart Mykolajiv internasjonalt kjend for rettsløyse og korrupsjon i politiet etter at Oksana Makar vart valdteken og myrda.[6] Tre personar vart arresterte, men fordi to av dei var i famile med personar i dei lokale styresmaktene, vart dei sleppte fri. Etter protestar i media og ålmenta vart alle tre skulda for mord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mykolajiv