Myokard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit hjarte med myokard synlig som det mørkeraude på hjartet. Utanfor ligg epikard, eit gjennomsynlig lag av serosaceller.

Myokard ( frå gresk mys muskel og kardia hjarte) er muskelen i hjartet. Inn mot blodet er det kledd med eit cellelag kalla endokard, danna av spesialiserte endotel-cellar. På yttersida er myokard dekka av perikard, ein pose av bindevev.

Muskelcellane i myokard er unike i det at dei kan trekke seg saman spontant, og kan leia straum som nervecellar.

Myokard får blodforsyninga si frå kranspulsårene som går av frå hovudpulsåra. Blir desse årene tronge eller tilstoppa av aterosklerose eller blodproppar kan ein få angina pectoris eller hjarteinfarkt.

Nokre virus kan gje betennelse i hjartemuskelen, myokarditt.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.