Myr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myra Čepkeliai i Litauen.

Myr er ei nemning på eit fuktig område eller ei blautmark (våtmark) som stort sett er dekt av torv (meir eller mindre nedbrote organisk materiale).

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Myr vert danna på stader som har eit overskot på vatn. Dette omfattar plassar med god vasstilgang (som sigevatn, høg nedbør), plassar med lite fordamping (stader med kaldt vêr og lite sol) og stader med dårleg drenering. Her er tilgangen på oksygen særs liten, og daudt plantemateriale vert brote ned særs sakte. Når dette hopar seg opp, dannast det torv.

Ulike slag myrar[endre | endre wikiteksten]

Tettegras kan veksa i rik-myr.

Myr vert danna på to måtar. Dei som kjem når fast mark vert forsumpa, vert omtala som forsumpingsmyrar, og dei som kjem når ope vatn gror att, vert kalla attveksingsmyrar

Ein kan òg klassifisera dei etter tilgang på næring:

  • Regnvass-myr (ombrogen myr) får berre næring frå nedbøren. Dette har få mineral, og fører til at regnvassmyrar er særs «fattige», både på næringsstoff og vegetasjonsmangfald. Sidan slike myrar ofte hevar seg over grunnvasspegelen og omliggande terreng, vert dei stundom kalla høgmyrar.
  • Jordvass-myr (minerogen myr) får næringstilgang både frå nedbør og gjennom grunnvatnet, og etter næringstilgangen vert igjen delt i rik-myr, intermediær-myr og fattig-myr. Fattig-myr har gjerne mykje gras i tillegg til plantar som òg finst på regnvass-myr, medan rik-myr har meir variert vegetasjon der også krevjande plantar som tettegras, jåblom og fleire ulike orkidear inngår. Intermediær-myr er ein mellomting.

Topografisk myrstruktur[endre | endre wikiteksten]

Tuer er område som ligg høgare enn andre område i myra. Her kan vegetasjonen stundom mista kontakt med grunnvatnet. Her trivst m.a. lyng, rund soldogg, molte, krekling, heigråmose og ymse torvmosar.

Fastmatter har relativt tettvaksne feltsjikt med artar som storr, bjønnskjegg, torvull, rome, blåtopp og smal soldogg, og velutvikla botnsjikt som ofte består av ulike mosar, ofte torvmose. Dei ligg ikkje like høgt som tuene, men er stort sett like trygge å ferdast på.

Mjukmatter er konstant fuktige, og kan vera farlege å ferdast på. Desse gjev etter ved tråkk. Botnsjiktet her er meir velutvikla enn feltsjiktet, og består av torvmosar. Nokre vanlege feltsjikt-artar er t.d. dystorr, kvitmyrak, dikesoldogg og sivblom.

Lausbotn er område som ein særs lett søkk ned i. Her er feltsjiktet glissent (artar som dikesoldogg, blærerot, bukkeblad og somme storr-artar dukkar opp), og botnsjiktet manglar. Torva her er open og oksydert.

Myr og menneske[endre | endre wikiteksten]

Myrbruk i Japan på 1700-talet.
Torvtaking i ei myr i Tyskland

Eit myrlandskap eignar seg dårleg til landbruk utan tiltak for å auka avrenninga av vatn. Til dømes Det norske myrselskap arbeidde mykje med oppdyrking av myrlandskap, i tillegg til produksjon av brenntorv og torvstrø. Ei myr kan dyrkast opp ved graving av grøfter der ein legg ned vassrøyr. Andre måtar kan vera å grava ein kanal der vatnet kan renna. Etter kvart har det vorte meir fokus på å ta vare på myrlandskap som ein særeigen landskapstype.

Ei myr kan innehalda myrmalm, som var det einaste råstoffet for jarnutvinning i jarnalderen i Noreg og Nord-Europa, og eit viktig råstoff for jarnutvinning langt inn i mellomalderen. Utvinningsprosessen går under nemninga jarnvinne.

Myr, våtmark, vasshol, elvar og vatn har i nordeuropeisk førkristen tid vore viktige for kult og ritual av offentleg og privat karakter, slik det går fram av myrfunna, funn av oldsaker av ymse slag som i si tid har vorte kasta rituelt ned i elvar, i myrar eller i grunne vatn som seinare har vorte til myr. Mengda av ting på staden, og at mesteparten av dei ofte har vorte øydelagde på systematisk vis før dei vart kasta i vatnet eller myra, vitnar om at dette er funn etter ofringar eller anna form for kult eller ritual knytt til vatn eller myr. Naturleg mumifiserte menneskelik er òg funne i myrar i Nord-Europa, ofte med teikn på at dei er rituelt nedlagde i myra. Då so mange av desse funna er gjorde i danske myrar, er nemninga mosefunn etter det danske ordet for myr, mose, ofte nytta om slike funn i norsk fagleg samanheng. Om likfunn er nemninga myrlik eller moselik nytta.

Kvalsundfunnet er å rekne blant dei nordeuropeiske myrfunna. På garden Kvalsund, Nerlandsøya, Herøy kommune i Møre og Romsdal vart det funne restar etter to fartøy som har vorte sundbrotne før dei vart lagde i myra, ein 9,50 m lang og 1,50 m brei båt med to par årer, og ein 18 m lang og 3,20 m brei båt for ti par årer, som ein meiner skriv seg frå 600-talet. I Sverige er store funn gjorde i myra Skedemosse på øya Öland, og i Danmark er det gjort fleire store myrfunn, som Kragehulfunnet frå Fyn; Illerupfunnet frå ei myr i nærleiken av Skanderborg i Danmark med fleire tusen oldsaker, for det meste våpen; Torsbjerg-funnet frå Süderbrarup i det noverande Schleswig-Holstein i Tyskland; Nydamfunnet, to ulike funn frå Nydam Mose ved Als Sund i Sønderjylland, mellom anna to robåtar, den største er 23 m lang for 18 par årer, no i museet på Schloss Gottorf (dansk: Gottorp Slot) ved byen Schleswig i Tyskland.

Bevaring i myr[endre | endre wikiteksten]

Torvmosar lagar eit antiseptisk stoff, sfagnol, som gjer at torva kan halde seg utan å rotna i lang tid. Også anna organisk materiale som er senka i myra, kan halda seg. I fleire land er det som sagt funne vel bevarte lik som har lege i myr i fleire hundre år. Ein har også brukt myrar som lagringsplass av matvarer, som myrmjølk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]