Myra i Tyrkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det gamle greske amfiteateret i Myra med dei utskorne gravene i nekropolisen til Lykia i klippene i bakgrunnen.

Myra er ein antikk by i Lykia, der den vesle byen Demre ligg i dag i provinsen Antalya i Tyrkia. Byen ligg ved elva Myros (Demre Çay), på ei frodig elveslette mellom Alaca Dağ, Massikytosfjella og Egearhavet.

Ruinane av den lykiske og romerske byen er i stor grad dekte av alveiringar frå elva. Akropolisen på Demreplatået, det romerske teater og romarbada er delvis utgravne. Amfiteateret vart øydelagd av eit jordskjelv i 141, men bygd opp att sidan.

Utskorne graver i Myra.

Det ligg to nekropolisar, skorne ut i fjellet, ved Myra. Andriake var hamna til Myra i antikken, men denne mudra til. Det finst framleis spor etter hamna i dag, mellom anna eit kornlager bygd under tida til keisar Hadrian (117–138 evt.).

I tidleg kristen tid var Myra ein metropolis i Lykia. Byen er knytt til apostelen Paulus, som byta skip i hamna her. St. Nikolas var biskop i Myra på 300-talet og skal ha vore ein arg motstandar til Arianism under det første kyrkjemøtet i Nikea i 325, sjølv om namnet hans ikkje er blant dei som signerte under møtet. Myra vart hovudstad for den austromerske eparkien Lykia under Theodosius II, som regjerte frå 408 til 450.

Etter ei kringsetjing i 809 fall Myra til abbasidane og byen vart mindre viktig etter dette.

Den første St. Nikolas-kyrkja i Mura vart bygd på 500-talet. Kyrkja som står der i dag vart bygd frå 700-talet og frametter, og det vart bygd eit kloster ved kyrkja på andre halvdel av 1000-talet.

I 1863 kjøpte tsar Aleksander II av Russland bygningen og starta ei restaurering, men arbeidet vart aldri ferdig. I 1963 vart aust- og sørsida av kyrkja utgrave. I 1968 vart det bygd tak over den tidlegare grava til St. Nikolas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°15′47″N 29°58′37″E