Myrdal i Fana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Myrdal
Myrdal på sørsida av Myrdalsvatnet
Myrdal på sørsida av Myrdalsvatnet
Geografi
Kommune Bergen
Fylke Hordaland
Annan informasjon
Ferdselsårer Fv183 Totlandsvegen
Gardnummer 54
Postnummer 5226 NESTTUN
Kart
Myrdal i Fana is located in Hordaland
60°18′38″N 5°23′42″EKoordinatar: 60°18′38″N 5°23′42″E

Myrdal er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på sørsida av Myrdalsvatnet.

Garden har tidlegare truleg vore ein del av storgarden Birkeland og vart første gong nemnd som øydegard i 1567. Det var drift på garden igjen frå om lag 1590 og høyrte sidan til presteembetet i Fana kyrkje. Her er framleis gardsdrift.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sjølve gardsbruka på Myrdal ligg på sørsida av Myrdalsvatnet (74 moh) og nord for Ljosvollsvarden (297 moh). Området som ligg under garden strekkjer seg derimot over den austlege halvdelen av Myrdalsvatnet og like nordaust til toppen av Stordalsfjellet (376 moh)

Garden grensar til Nedre og Øvre Dyngeland i nord og nordvest, Milleshaug i nord, Kirkebirkeland i vest og sørvest, Ljosvoll i sør, Fjellbirkeland i aust og Nedre Totland i nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]