Myrhatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Myrhatt


Comarum palustre - harilik soopihl.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Potentilla
Art: P. palustris
Vitskapleg namn
Potentilla palustris

Myrhatt er ein fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 3 dm høg, og har krypande jordstengel og opprett stengel. Blad mørkgrøne ovanpå, blygrå under. Smalblada ytterbeger og store begerblad, mørkt purpurraude innvendes. Brunsvarte kronblad, halvt så lange som begerblada. Beger og krone sit på til fruktene er mogne. Blomstrar kring juni månad på våte stader, myrar og grunt vatn. Vanleg gjennom heile Noreg. Funnen opp til 1350 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.