Myriam Soumaré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myriam Soumaré


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. oktober 1986 (37 år)
Paris
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Myriam Soumaré etter at ho vann EM-gull på 200 meter i Barcelona i 2010

Myriam Soumaré (fødd 29. oktober 1986) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Paris som tevla internasjonalt på sprindistansane 100 meter og 200 meter. Ho vart europameister på 200 meter i 2010, og vann i tidsrommet 2010-14 også tre sølvmedaljar og tre bronsemedaljar på 100 m, 200 og 4 x 100 m stafett i ulike europameisterskap i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå EM i friidrett 2010 i Barcelona fekk Soumaré med seg heim ein medalje av kvar valør. Det starta med at ho tok bronsemedaljen på 100 m på tida 11,18, tyske Verena Sailer vann med 11,10 sekundar. Deretter sprang Soumaré inn til siger på 200 meter med 22,32 sekundar, 12 hundredels sekund føre Jelizaveta Bryzjina frå Ukraina. Til sist fekk Soumaré sølv etter ho sprang startetappen for Frankrikes lag i 4 x 100 m stafett, ein stafett som vart vunnen av Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]