Myrlik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Myrlik er naturlege mumifiserte menneskelik (eller parter av menneskelik) frå gamal tid som er funne i myrer i Nord- og Vest-Europa[1]. Fleire av myrene har hatt ein særs god konserverande effekt på lika, og mange av dei har vore i so god stand at finnarane varsla politiet av di dei rekna med at det var tale om ei drapssak. Til dømes vart politiet varsla då myrliket Tollundmannen kom for dagen i 1950 under torvtaking i ei myr i nærleiken av byen SilkeborgJylland i Danmark. Det er funne myrlik i Nederland, Nordvest-Tyskland, Jylland i Danmark, Storbritannia og Irland.

Myrliket Grauballemannen på Moesgård Museum ved Århus i Danmark.

Myrlika er hovudsakleg frå jarnalderen, men òg frå eldre og yngre periodar; det svenske myrliket Bocstensmannen frå Bockstens Mosse i Halland (aust for Varberg) er frå mellomalderen, gjort fast til myra med trepålar gjennom kroppen i tida mellom 1350 og 1370[2]. Nokre av myrlika kan sjølvsagt vere resultatet av ulukker eller av illgjerningar i gamal tid. Men mange av dei er dekte til og plasserte slik i myra at det tyder på at avrettinga og nedlegginga i myra har skjedd rituelt, som til dømes som ei ofring til maktene og/eller som straff for brotsverk. Stundom er dei døde heilt eller nesten nakne, og som oftast har dei vorte lagt i myra etter ei brutal handsaming, anten under avrettinga eller etterpå. Krania kan vere knuste, strupane skorne over, armer eller bein avbrotne eller knuste, og i nokre døme syner spor og restar etter reip eller reimar rundt halsen på liket at det har skjedd ei avretting ved henging eller stryping. Både menn, kvinner og barn har møtt lagnaden sin på dette viset.[3]

Kultisk og mytologisk bakgrunn for myrlik[endre | endre wikiteksten]

Romaren Tacitus skriv i kapittel 12 i boka Germania frå om lag året hundre e.Kr. at germanarane drukna i myrer dei som hadde vanæra kroppen sin, hadde vore pysar eller hadde skulka unna i strid, og eit flettverk av vidjer vart lagt over liket[4].

Dei myrlika frå førkristen tid som kan tolkast som resultatet av reaksjonar på at vedkomande har brote normer og reglar, har ikkje med dødsstraff i vår moderne tyding av omgrepet å gjere. I den tida var det ideane om hemn som rådde grunnen. Tanken på straff som soning av brotsverk, eller for å skremme andre frå å gjere brotsverk, var ukjend i dei germanske ættesamfunna i førkristen tid. Normbrota var ei krenking av ætta, ikkje av det einskilde mennesket, og meininga med hemnen var å gjenopprette den krenkte ætta si ære, ikkje å straffe den skuldige. Difor skulle hemnen fyrst og fremst råke ætta til krenkaren, ofte ved at andre enn at brotsmannen sjølv vart drepne.

Men når ein av ættas eigne kvinner eller menn stod bak det brotet på normer og reglar som hadde ramma ætta, måtte gjenopprettinga av ætta si ære gjerast på anna vis. Dette kan vere forklåringa på praksisen med å grave ned avretta menneske, kvinne som mann, i myrer, våtmark, eller anna område knytt til vatn og det våte, kan hende i strandsona. Avrettinga og nedgravinga har vore ei kultisk metode for å fjerne vedkomande frå ætta for alle tider. Etter at seremoniane var gjennomførte, kunne både guddomar og menneske så å seie rekne vedkomande for aldri å ha vore fødd eller gifta inn i ætta, og på dette viset vart ætta si ære gjenoppretta etter krenkinga. Denne kultiske eliminasjonsmetoden har hatt basis i den germanske mytologien, slik nokre av strofene i eddadiktet Voluspå kan tolkast som døme på[5]. Sjølv i dei områda av det germanske Nord-Europa der det av ulike årsaker ikkje er funne myrlik, har difor tilsvarande kultiske metodar vore nytta for liknande normbrot og krenkingar.

Nerthus-kulten[endre | endre wikiteksten]

Ein hypotese går ut på at somme av myrlika er trælar som er ofra til gudinna Nerthus. Ifølgje ei skildring av Tacitus i kapitel 40 i boka Germania vart Nerthus vaska i ein sjø under eit årleg ritual, og folka som stod for dette vart teke av dage. Dei kan då ha vorte drukna i myra som offer til gudinna etter at dei rituelt hadde vaska gudebiletet. Det er ofte funne rituelle gjenstandar i myrer, sameleis som lika, og frå same tid. Men det er truleg ikkje rett å sjå på nettopp myrlika som det arkeologiske funnmaterialet som skulle kunne indikere at det har vore praktisert ein kult for ei gudinne Nerthus i samsvar med skildringa til Tacitus.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om andre arkeologiske funn i myrer, sjå artikkelen Myrfunn
  2. Bockstensmannen er utstilt på Länsmuseet Varberg, som har gjort dateringa
  3. Glob 1977; Simek & Simek 1997
  4. Widts omsetjing til bokmål, Oslo 1968
  5. Hoftun 2004, kapittel 17

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Glob, P.V. 1971 [1965]. Mosefolket : Jernalderens Mennesker bevaret i 2000 År. København: Gyldendal. ISBN 87-00-20201-0 ISBN 87-00-20202-9
  • Hoftun, Oddgeir. 2004. Menneskers og makters egenart og samspill i norrøn mytologi. Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1451-2
  • Simek, Rudolf & Angela Simek. 1997. Bog People revisted: Iron Age Bog Corpses and their Relevance for the History of Germanic Religion, i Lecouteux, Claude & Olivier Gouchet (red.), Hugur. Mélanges d’histoire, de littératur et de mythologie offerts à Régis Boyer pour son soixante-cinquième anniversaire. Paris: Presses de l’Université de Paris-Sorbonne. S. 51-85. ISBN 2-84050-089-2
  • Tacitus, Cornelius, Germania, omsett av Trygve Widt, Agricola og Germania. Oslo 1968: H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Myrlik