Myrtistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Myrtistel


Cirsium palustre01.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Cirsium
Art: C. palustre
Vitskapleg namn
Cirsium palustre
(L.) Scop.

Myrtistel er ein fleirårig art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd over Europa, Asia og Nord-Afrika. Myrtistel har rak stengel med korte greiner øvst, oftast litt raudbrun. Buktfinna mørkgrøne blad med sylspisse broddar. Mørkfiolette korgdekkblad utan kvass odd. Blomstrar kring juli månad på grasmyr og våt eng. Veks i Noreg nord til Troms, og funnen til fjells opp til 1000 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.