Mysore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mysore (kannada ಮೈಸೂರು maisūru) er ein by i den indiske delstaten Karnataka, og er kjend som den kulturelle hovudstaden til staten. Byen var hovudstaden til Mysoreriket fram til 1948, då riket blei innlemma i den sjølvstendige staten India. Mysore var også det gamle namnet til Karnataka.

Mysore er best kjent for universitetet, kulturlivet, museum og palass, og for mysore pak, ein smuldrete søtsak som er svært populær i Sør-India.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Mysore har motorveg og jarnbaneliner til Bangalore som har vidare samband med Chennai i sør og Mumbai i nordvest. Den nye motorvegen har korta ned den 135 km lange reisa mellom byane frå rundt tre timar til halvparten. Fleire statsvegar bind Mysore saman med andre byar i området.

Ein trugande statue av Mahisha Asura er sett opp på Chamundi. (Foto: Rohith Ajjampur)
Tempelet til Tsjamundesjvari (Foto: Rohith Ajjampur)

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Ein legende fortel at området rundt Mysore ein gong høyrde til demonkongen Mahisha Asura, som blei så mektig at han truga heile verda. Gudinna Tsjamundesjvari slost mot han i ti blodige dagar og fridde verda frå han. Namnet hans sat likevel igjen på byen som Mahisuru, sett saman av Mahisha og uru, 'by'. Namnet blei forkorta gjennom bruk og deretter anglifisert til Mysore.

Denne forteljinga er svært viktig innan hinduisk mytologi, og tempelet til Tsjamundesjvari på toppen av Chamundifjella i byen er ein viktig valfartsstad. Under navaratrihøgtida kvart år feirar ein sigeren over demonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mysore

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

en:Mysore