Mytisjtsji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mytischtschi
Мытищи
Flagget til Mytischtschi Byvåpenet til Mytischtschi
Flagget til Mytischtschi Byvåpenet til Mytischtschi


Plassering
Mytisjtsji is located in Russland
Mytisjtsji is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Først nemnd i 1435
Borgarmeister Aleksander Kasakov
Geografi
Flatevidd
 - By

35 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

162 700
  4 648,6 /km²
Koordinatar 55°55′0″N 37°44′0″EKoordinatar: 55°55′0″N 37°44′0″E
Høgd over havet 150 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141001–141021
Retningsnummer (tlf) (+7)495
Nettstad: www.mytischi-city.ru

Mytisjtsji (russisk: Мыти́щи) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg 20 km nordaust for Moskva, ved elva Jauza og jernbanen Moskva – Jaroslavl. Byen har om lag 160 000 innbyggjarar (2007).

Byen er det største industrisenteret i området, særskild maskinbygging og våpenindustri, og utdanning. Mytisjtsji fekk bystatus i 1925.

Mytisjtsji er kjend for akvedukten sin, som vart bygt på 1700-talet etter ordre frå Katarina II. Det var den første vassleidningen som vart bygt i Russland, for å forsyne Kreml med reint vatn.

Busetnaden Mytisjtsji har vore kjend sidan 1460, og sidan 1800-talet som Bolsjije Mytisjtsji (russisk: Большие Мытищи). Landsbyhistoria er nært knytt til Jauzskij-hamna. Mytisjtsji var ein viktig stad på skipsruta. På denne staden vart handelsskipa dradd på hjul, ruller, eller meier, frå elva Jauza og over til elva Kljazma. Handelsmennene måtte betale ei avgift for dette, og busetnaden fekk namn etter denne avgifta, som vart kalla myt (russisk: мыт).

På midten av 1800-talet var innbyggjartalet i landsbyen 389.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]