Mytologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein portalvaktar i form av ein okse med venger, halvt menneske og halvt dyr (lamassu), i Nimrud frå mesopotamisk mytologi.

Mytologi (av gresk μυθολογία, mythología, i tydinga «ei historieforteljing, ein legendarisk lærdom, å fortelje ei historie») viser til ei mengd folkeminne, mytar, segner og legender som ein viss kultur meiner er sanne, og som ofte har overnaturlege trekk som tolkar naturlege hendingar for å forklare universet og menneskeslekta. Mytologi viser også til ei grein av kunnskapen som omhandlar innsamlinga, forskinga og tolkinga av mytar, også kjend som mytografi. Studiet av mytar frå fleirfaldige kulturar er kalla samanliknande mytologi, og er mellom anna ein del av vitskapen om religionshistorie, folkeminne og antropologi.

Omgrepet[endre | endre wikiteksten]

Aiskhylos er eit tidleg døme på ein forfattar som har late seg inspirere av mytologi i forfattarskapen sin.

Den greske samansetnaden μυθολογία, mythología, «ei historieforteljing, ein legendarisk lærdom» er avleidd frå μυθολογείν, mythologein, «å fortelje mytar», «sjå mytar i samanheng», frå μύθος, mythos, i tydinga «forteljing, tale, ord, fakta, historie» og λόγος, logos, «tale, diskurs, sitat, historie, studie, årsak, argument».

Omgrepet mytologi har vore i bruk sidan 1400-talet og tyder «å forske på, studere, greie ut eller forklare mytar».[1] Tilleggstydinga «ei samling mytar» oppstod på slutten av 1700-talet under opplysingstida. I utvida bruk kan ordet mytologi også vise til kollektivt eller personleg ideologisk eller sosialt konstruert kunnskap.

Mytologiar har gjeve ein fyldig litteratur sidan antikken med Aiskhylos, og har vore til inspirasjon for mellom andre ei rekkje viktige engelske poetar som Percy Bysshe Shelley og John Keats, og ei rekkje moderne forfattarar som William Blake, James Joyce, Franz Kafka, J.R.R. Tolkien og Salman Rushdie har medvite konstruert personlege mytar ved å bruke eldre materiale og nyare symbolisme.

Mytar[endre | endre wikiteksten]

Mytar i vanleg bruk er ofte synonymt med legender, men ein del forskarar skil skarpt mellom omgrepa. Mytar kan vere fablar som instruerer, årsaksforteljingar og folkelege forteljingar som primært skal vere underhaldande, sjå eventyr. Ikkje alle tradisjonelle forteljingar er mytar. I kontrast til legender eller folkeforteljingar, er mytar forteljingar som involverer det heilage, anten gudar eller nesten-gudar (heltar),[2] eller ei fjern fortid, spesielt skapinga av verda – sjå til dømes skapingsmytar.

Mytar kan ha av eit eller fleire av desse føremåla, men kan i tillegg spele ei kritisk rolle i høve til korleis ein kultur oppfattar omgrepet tid. I slik forstand står mytar i kontrast til historie som held seg til nyare, dokumenterte hendingar, og til poetiske epos og forteljande legender som handlar om ein historisk person, ein stad eller ei hending frå ei fjern fortid. Generelt er ein myte ei forteljing som har skjedd i ei tenkt, fjern, tidlaus fortid, og som fortel om opphavet til menneska, dyra, verda og det overnaturlege.[3]

Tradisjonell australsk mytologi fortel at fleire skaparar vandra rundt og skapte jorda slik vi kjenner henne i dag. Då dei var ferdige, vart nokre av dei til landskapsformasjonar. Biletet viser skaparen Damari som har vorte til eit fjell. Kroppen, som ligg på ryggen og ser mot himmelen, er vorten rissa rundt.

Aristoteles brukte omgrepet mythos i Poetikken om handlinga, sjølve fabelen, sann eller oppdikta, i dramaet, komedien og tragedien. Mythos er den viktigaste delen av tragedien, den fyrste av seks delar, og må forståast som «sjela til tragedien».[4] For tragedien er mimesis (etterlikning), ikkje av menneske, men av handlinga og livet.[5]

I kristen tid hadde den gresk-romerske verda byrja å nytte omgrepet «myte» (gresk μῦθος, muthos) i tydinga «fabel», «fiksjon», «dikting», «løgn», og som eit resultat av desse brukte dei tidlege kristne forfattarane «myte» i denne tydinga.[6] Denne forståinga av omgrepet «myte» har sidan gått inn i dagleg bruk.[7]

Når mythos og logos vert sett saman til mytologi, er den eine delen ei nemning på ein fase i et tenkjesettet til eit folk, særleg i den greske mytologien, sidan bilete og fantasiverksemd er erkjenninga til folket, medan den andre delen er ei nemning på den fasen då tanken og omgrepa har avløyst det mytiske tenkjesettet. Friedrich Nietzsche meinte at med Sokrates og Platon byrja avmystifiseringa som førte til den tanken at diktinga, «den edle løgna», var eit forstadium for filosofien.[8] Det kom eit skilje mellom mythos på den eine sida og logos og historia på den andre. Logos stod for logikk og analyse, og historia for det som hadde skjedd, medan mythos gjaldt det som ikkje eksisterte. Med kristendommen si tolking vart alt som ikkje stemte overeins med Bibelen sett på som mythos, det vil seie ikkje-eksisterande, falskt og usant. Denne forståinga av myte har ein framleis i språket som ei tilleggstyding.[9]

Religion og mytologi[endre | endre wikiteksten]

Glasmåleri som viser eit bilete frå forteljinga om Noahs ark som ein finn i Fyrste mosebok i Bibelen. Dette er eit døme på ein myte som har vorte ein del av dei tre abrahamittiske religionane.

I ein forskingskontekst kan ordet «myte» tyde «heilag forteljing», «tradisjonell forteljing», eller «forteljing om gudane». Difor kan forskarar nytte samanstillinga «religiøs mytologi» utan at det er ei nedvurdering av religion. Til dømes kan ein forskar kalle abrahamittiske skrifter som «mytar» utan at det er meint nedsetjande overfor jødedommen, kristendommen eller islam.

Mange mytar, som til dømes rituelle mytar, har openbert religiøse sider. Religion utan mytar finst knapt.[10] Mytologi er likevel ikkje synonymt med religion, men forholdet mellom religion og mytologi er avhengig av kva for definisjon av myte ein opererer med. Etter folkeminneforskinga er alle mytar religiøse, eller «heilage», forteljingar, til dømes skapingsmytar, men religiøse forteljingar som ikkje forklarer korleis ting har fått den noverande forma si, til dømes hagiografi av kjende helgenar, er ikkje mytar. Dei fleste definisjonane av mytar avgrensast til forteljingar.[11] Såleis er dei ikkje-forteljande elementa av religion, som ritual og teologi, ikkje mytar eller mytologi.

For religionshistorikarar er fokuset på mytologi i den heilage forteljinga, der uttrykksforma er symbola og metaforane som gjev eller gav samanheng i tilværet. Ein meiner ikkje sann i bokstavleg forstand, men i eksistensiell og religiøs forstand, særleg skapingsmytane som vert delte inn i tre grupper:

Om mytar i brei forstand vert definerte berre som «heilage forteljingar», er det ei feilaktig avgrensing, ettersom ikkje alle mytar nødvendigvis er religiøse. Som klassisisten Geoffrey Kirk har peika på, «mange mytar lekamleggjer ei tru på det overnaturlege […], men mange andre mytar, eller det som synest som mytar, gjer det ikkje».[13] Som døme siterer Kirk myten om Ødipus, som berre er «overnaturleg assosiert […] med religion eller det overnaturlege» og difor ikkje er ei heilag forteljing.[13]

Døme på religiøse mytar er:

Mytologi og ideologi[endre | endre wikiteksten]

Kong Arthur og riddarane av det runde bordet.

Mytar er ikkje det same som fablar, legender, eventyr, folkelege forteljingar, anekdotar eller fiksjon, men konsepta kan vere overlappande. I løpet av romantikken vart folkelege forteljingar og eventyr sett på som opphavlege mytar med klangbotn i religion og psykologi, ei form for ein underforstått skjult folkeleg kunnskap som ein kunne avdekkje, mest kjent i arbeidet til Grimm-brørne, men også i innsamlingsarbeidet til Asbjørnsen og Moe i Noreg. Mytologiske tema er også ofte medvite nytta i skjønnlitteratur, mellom anna allereie hjå Homer. Det resulterande verket kan uttrykkjeleg vise til ein mytologisk bakgrunn utan sjølv å vere ein del av corpus (mengde) av mytar, til dømes i forteljinga om Cupid og Psyche som fyrst opptredde som digresjonsforteljing i Lucius Apuleius-romanen Det gyldne esel på 200-talet e.Kr. Apuleius brukte truleg ei tidlegare forteljing (som er ukjend for oss) som grunnlag for si forteljing, og modifiserte henne for at ho skulle passe til dei tekniske behova til romanen.

Romansane frå mellomalderen spelar i enkelte stykke på denne prosessen med å gjere mytologi om til litteratur. Evhemerisme viser til denne prosessen med å rasjonalisere mytar, plassere tema med mytologiske kvalitetar inn pragmatiske kontekstar, for til dømes å følgje kulturelle eller religiøse paradigmeskifte. Mest kjend er kanskje nytolkinga av heidensk mytologi i skiftet mot kristendommen.

Omvendt kan historisk og litterært materiale få mytologiske kvalitetar over tid, som til dømes «dei britiske emna» – ei samlenemning for keltiske historiske legender om Storbritannia som særleg fokuserte på kong Arthur og riddarane av det runde bordet – som var baserte på historiske hendingar på høvesvis 400-talet og 700-talet, og fyrst vart gjorde om til episk poesi, for deretter å verte delvis mytologiske i dei påfølgjande hundreåra.

Framleis er ein oppteken av å sjå på mytar som ein inngang til ideologien i kulturen. Forholda mellom kjønna kan vere modellert i skapingsmytane i ein kultur, og innehelder ofte ei over- og underordning mellom kjønna som ikkje samsvarar med den moderne tanken om likestilling mellom kjønna. Når Det gamle testamentet fortel at Adam vart skapt før Eva, og dermed vart gjeven guddommeleg autoritet over henne, fekk det konsekvensar for synet på forholdet mellom kjønna i den kristne kulturen. Ifølgje norrøne Voluspå vart Ask og Embla skapte samtidig, og denne prosessen vart ikkje etterfølgd av eit syndefall, noko som viser eit anna syn på kjønna sin posisjon i samfunnet.[17].

Karakteristikkar[endre | endre wikiteksten]

Verdstreet Yggdrasil er sentralt i norrøn mytologi. Bilete frå 1847

Mytologien til nokre ulike kulturar

Ein del av dei viktigaste tilnærmingane til studiet av mytologisk tenking er gjorde av tenkjarar som mellom andre Giambattista Vico, Friedrich Schelling, Friedrich Schiller, Carl Jung, Sigmund Freud, Lucien Lévy-Bruhl, Claude Lévi-Strauss, Herman Northrop Frye, den såkalla sovjetiske skulen og myte–rite-skulen som ser myte og (religiøse) ritual i samanheng: «mytar står ikkje ved seg sjølv, men er knytte til ritual».[18] Den naturmytologiske skulen såg naturfenomen bak dei fleste mytologiane, medan myte-rite-skulen fremja ein overordna forklaringsmodell som såg ein samanheng mellom myte og rite ved at mytane forklarte rituala.[19] Antropologien ved til dømes Bronislaw Malinowski si funksjonalistiske forklaring så mytar som modellar for menneskelege livsoppfatningar, moral og samfunnsdanning, og såleis uttrykk for religiøs tru. Mønsterteorien hans fokuserte på at mytane er med på å halde oppe samfunnet.[20]

Mytar er ofte knytte til det åndelege eller religiøse livet i samfunnet, og tiltrudde av herskarane eller prestane. Straks dette sambandet til den åndelege leiarskapen i samfunnet er brote, får mytane trekk som er karakteristiske for eventyr.[21] Ein del forskarar ser i staden på legender og eventyr i seg sjølv som underkategoriar av mytar som er åtskilde frå heilage mytar. I folkloristikken, der ein er oppteken av å studere både verdslege og heilage forteljingar, kan ein myte oppnå kraft frå å vere noko meir enn berre ei «forteljing» ved å samanfatte ein arketypisk kvalitet av «sanning». Forfattaren og filologen J.R.R. Tolkien uttrykte ei tilsvarande meining: «Eg meiner at legender og mytar hovudsakleg er laga av ‘sanninga’, og faktisk presenterer aspekt av sanninga som ein berre kan få i denne forma».[22]

Individuelle mytar eller mytiske tema kan verte klassifiserte i desse kategoriane:

  • Rituelle mytar – forklarer utføringa av visse religiøse skikkar eller mønster, og er knytte til tempel eller bønesentrum
  • Skapingsmytar eller opphavsmytar – skildrar korleis verda eller universet oppstod
  • Katastrofemytar eller eksatologi (læra om dei siste tinga) – skildrar katastrofar og korleis verda går til grunne. Desse går vidare enn alle potensielle historiske omfang, og ein kan såleis berre skildre dei med mytologiske omgrep. Apokalyptisk litteratur eller undergangslitteratur som Johannes' openberring i Bibelen er eit døme på dette
  • Sosiale mytar – forsterkar eller forsvarar noverande sosiale verdiar eller praksis
  • Luringmytar – har ein luring (engelsk trickster), som til dømes Loke, som utfører lureri eller triks mot gudar eller heltar

Mytologiske forteljingar synest å representere ekstreme ytterpunkt som rører ved dei fundamentale spørsmåla i tilværet: gammalt og nytt, fødsel og død, konflikten mellom ulike generasjonar, vald og brutalitet, sorga ved forråding og svik, fertilitetssyklusen hjå dyr og menneske, galenskap redsle, ulukke, lukke og lagnad, den fatale ulukka som følgjer rampestrekar, sorg ved sjukdom og død, mysteriet med døden og moglegheita for etterliv, inkludert atterføding, utfordringa med det ukjende, reisa inn i ukjent farvatn, søking etter ein heilag gjenstand, tvikamp med eit monster, forholdet mellom menneske og gudar, skapinga av verda, gudane og menneska, og til sjuande og sist: meininga med det heile.

Trekk ved mytar frå den europeiske kulturkrinsen[endre | endre wikiteksten]

Egyptisk mytologi: ein vignett i Daudeboka som viser hjartet som vert vege mot ei fjør.

I gresk mytologi er ein i likskap med dei eldre og svært gamle mytologiane i Mesopotamia og Babylonia svært oppteken av forholdet mellom liv og død. Mellom dei mest kjende mytologiane i den vestlege verda er den greske, som omfattar ei mengd forteljingar frå Hellas i antikken, og som handlar om dei greske gudane og heltane, naturen i verda og deira eigne kultar og rituelle praksis. Romersk mytologi var i hovudsak lånt frå gresk mytologi, men den romerske var yngre og meir litterær enn motstykket sitt, som var eldre og meir kultisk. Gresk og romersk mytologi var også delvis påverka av den eldre egyptiske mytologien, som var delvis totemistisk (dvs. dyrking via bilete) og delvis polyteistisk (dvs. hadde fleire gudar). Samtidig hadde den egyptiske mytologien ein forfarkult der åndene til dei døde, dersom dei vart hugsa og æra, kunne gje råd og rettleiing frå etterlivet.

Norrøn mytologi omfattar trusførestillingane, mytane og legendene i den førkristne folkesetnaden i Norden, inkludert den norrøne folkesetnaden frå Noreg som busette seg på Færøyane, Island og Grønland. Norrøn mytologi vart teken vare på gjennom skriftlege kjelder på Island, og er nært knytt til den angelsaksiske, og byggjer på eldre germansk mytologi, som igjen er utvikla frå ein tidlegare indoeuropeisk mytologi.

Jødisk mytologi omfattar heilage og tradisjonelle forteljingar som forklarte og symboliserte den jødiske religionen, og inspirerte også islamsk mytologi og skapte føresetnaden for kristen mytologi og religion i og med at kristendommen har Det gamle testamentet til felles med jødedommen.

Trekk ved mytar frå den asiatiske kulturkrinsen[endre | endre wikiteksten]

«Dei ni drakane», seksjon i ein skriftrull av Chen Rong, 1244 e.Kr. (i det kinesiske Song-dynastiet), i dag i Museum of Fine Arts i Boston i USA.

Mange av dei eldste religionane og mytologiane oppstod i Asia, den største verdsdelen, som også i dag husar fleire kjerneområde for religionar som buddhismen og hinduismen, som vart utvikla i India, og jødedommen, kristendommen og islam, som vart utvikla i Midtausten og området ikring. Det asiatiske religionsmangfaldet er stort og det finst også mange sjamanistiske tradisjonar. I dei fruktbare områda mellom Eufrat og Tigris sørvest i Asia oppstod dei fyrste sivilisasjonane og jordbrukssamfunna, og dei fyrste nedskrivne mytologiane, som til dømes eposet Gilgamesj.

Ein tidleg kultur vart også utvikla i den fruktbare Indusdalen i India, der hinduisk mytologi vart til frå vedaene, ei eldre samling religiøse skrifter med mellom anna hymnar og forteljingar om gudane. Hinduisk mytologi vert gjerne delt inn i tre retningar, som kvar krinsa om eigne guddommar.

Kinesisk mytologi går truleg så langt tilbake som til 1100-talet f.Kr. Mytar og legender vart førte vidare i munnleg form i tusenvis av år før dei vart skrivne ned i tidlege bøker som Shan Hai Jing. Det er fleire aspekt ved kinesisk mytologi, mellom anna skapingsmytar og mytar om opprettinga av den kinesiske kulturen og nasjonen. Eit anna aspekt er at element frå den tidlege mytologien vart tilpassa seinare religiøse trusførestillingar (som taoisme), eller vart, som buddhismen, likestilte med den kinesiske kulturen.

Frå India gjekk det impulsar også austover, og japansk mytologi er farga av både buddhismen og shintōismen, «åndevegen», den tradisjonelle religionen i Japan, og handlar om gudar, ånder, dyr og menneske som opptrer i mange legender og forteljingar. Shintōismen åleine omfatta tallause kami (gudar), men den kanskje aller viktigaste oppgåva til mytologien var å forklare opphavet til keisarfamilien og den guddommelege retten deira.

I Korea var dei opphavlege religiøse førestillingane farga av sjamanisme og totemisme, og denne påverknaden vart sterkt prega av kinesisk påverknad i form av buddhisme, konfucianisme og taoisme. Svært lite har overlevd av dei førbuddhistiske mytane, ettersom det meste vart teke vare på gjennom den munnlege tradisjonen.

Trekk ved mytar frå den amerikanske kulturkrinsen[endre | endre wikiteksten]

Urfolka i Nord-Amerika, indianarane, hadde som i dei fleste andre religionar omfattande trusførestillingar som kom til uttrykk i mange heilage forteljingar. Desse åndelege forteljingane var djupt baserte i naturen og rik på symbolisme om årstidene, vêret, planter og dyr, og grunnelement som jord, vatn, himmel og eld. Det fanst ei førestilling om ei mektig, stor ånd som var bunden til jorda, som kom til uttrykk i skapingsforteljingar.

Mesoamerikansk mytologi stammar frå den sørlegaste delen av Nord-Amerika, der ei rekkje kulturar blomstra i perioden 1000 f.Kr. og fram til undergangen ved den spanske erobringa som byrja i 1519. To av dei viktigaste kulturane var mayaene og aztekarane. Religionen var prega av ein altomfattande guddommeleg kontroll over liva til menneska. Gudane avgjorde om det skulle regne eller verte solskin, og vaka over dei mest trivielle detaljane i kvardagsliva til menneska. Skapingsforteljinga til aztekarane fortel om fire store tidsaldrar som kom før den noverande verda, og som alle enda med katastrofar. Menneska overkom den femte alderen, tidsalderen til solguden Tonatiuh, takka vere ein helt som ofra seg og vart til sola.

Det veldige Machu Picchu i Peru frå Inkariket.

Sør-Amerika omfattar ei rekkje primitive kulturar og avanserte sivilisasjonar over eit svært variert geografisk område. Ein av dei mest kjende sivilisasjonane er inkakulturen i Peru. Det meste av mytologien vart medvite øydelagd og forsøkt utrydda av kristne misjonærar, men delar av trusførestillingane har overlevd via mytar og legender hjå folkesetnaden og delvis avdekt via arkeologi. Inkamytologien omfatta ei rekkje mytiske forteljingar som bidrog til å forklare eller symbolisere trua. Det finst heile tre opphavsmytar, og grunnen kan vere at det var tabu å nemne namnet til Viracocha, den øvste guden. På same måten som romarane godtok inkaene at folkeslag som dei erobra, fekk ta vare på dei respektive religionane sine, og dette førte truleg til ein del overlappande og blanda mytologiar.

Brasiliansk mytologi er ei svært laus samnemning på alle dei kulturane og legendene som vart smelta saman i Brasil i tida etter Columbus, men på grunn av den enorme storleiken på landet er det få, om nokon, mytologiske førestillingar som var delte av absolutt alle. Fleire av dei mytologiske forteljingane er difor delte med tradisjonar i andre land, særleg andre land i Sør-Amerika og i Portugal. Ein del som kan nemnast er mellomalderførestillingar som vart førte over med portugisiske busetjarar, ein del som er vorten gløymd i Portugal. Afrikanske tradisjonar kom med svarte slavar i kolonitida. Katolske helgenforteljingar gjekk delvis opp i andre mytologiske mytar eller påverka desse. Hjå den innfødde indianarfolkesetnaden i jungelområda finst det framleis ein rik mytologisk tradisjon som var prega av naturen og omgjevnadene, som til dømes Caipora, eit (stundom) kvinneleg skogsvesen som verna dyra mot jegerar. Ho er tidvis representert som mørkhuda, liten, naken og med ein lang svart manke, andre gonger som ein dyreliknande skapning med hovudet til ein raudrev.

Trekk ved mytar frå den afrikanske kulturkrinsen[endre | endre wikiteksten]

Egyptisk mytologi høyrer geografisk til Afrika, men prega kulturelt den austlege delen av Middelhavet og Midtausten, og er difor nemnd ovanfor.

I tillegg til dei etablerte religionane har mange afrikanske mytologiar eit grunnlag i oppfatningar frå tidlegare tider, gjerne prega av naturen. Biletet viser ein naturleg fjellformasjon sørvest i Libya.

Afrika har eit mangfald av religiøse trusførestillingar. Dei fleste afrikanarar er i dag anten kristne eller muslimar, men mange praktiserer ofte tradisjonelle afrikanske religionar med folkeleg preg og folkelege sedvanar, eller i form av ein synkretisme som eksisterer side om side med dei etablerte religionane. Forutan dei mytologiane som har kome eller vakse fram som ein konsekvens av dei etablerte religionane finst det ein underskog av tradisjonelle mytologiar. Tradisjonelle religiøse skikkar og mytologiar er stundom delte av fleire afrikanske samfunn, men er oftast unike for visse etniske grupper. Det er difor vanskeleg å snakke om «afrikanarar» som ei homogen gruppe.

Mange område i Afrika er prega av tørkesesongar der ingenting veks og døden rår. Mange afrikanarar har ei førestilling av jorda som eit moderleg vesen, ei form for gudinne som herskar over alle menneska og alle dyra lik ei mor for ungane sine. Jorda lever og føder alle ting, men når regnet ikkje kjem, trekkjer ho seg tilbake til djupa sine medan ho ventar på betre tider. Tilsvarande er det mange som har ei førestilling om at forfedrane lever eit liv i jorda og i hus tilsvarande dei som er på jordoverflata. Det finst ein zulumyte om folk som dreg på leiting etter ein innsjø av mjølk under jorda.[23]

Det er mange mytar om det største dyret i Afrika, elefanten, som på grunn av storleiken sin ikkje har andre fiendar enn mennesket. I afrikanske fablar er elefanten den kloke høvdingen som tolmodig løyser stridar mellom dei andre dyra. Til dømes skal eit folk i Ghana sjå på elefanten som ein menneskeleg høvding frå fortida, og når dei finn ein død elefant, gjev dei han ei høvdinggravferd.[23]

Det er også førestillingar om tidlegare gudar som stundom lever vidare, til dømes Orounmila eller Eboh, ein guddom som hovudsakleg vart dyrka i Benin, og delvis i Nigeria. Vørdnad for guddommen omfatta ofringar av høns, skjelpadder, kokosnøtter og liknande medan ein med song og dans retta ynske eller merksemd til det guddommelege.

Trekk ved mytar frå den australske kulturkrinsen[endre | endre wikiteksten]

Aboriginkulturen er mellom anna kjend for dekorative og stiliserte fjellmåleri, som denne framstillinga av ein kenguru i Kakadu National Park.

Dei mytologiske førestillingane i Australia omfattar den tankeverda som dei ulike gruppene av aboriginar har hatt sidan eldre tider og hovudsakleg fram til Australia vart kolonisert, frå og med 1787. Australsk mytologi er bygd opp av tre viktige delar: mytar, magi (i form av kunstframstilling) som skildrar mytane og topografiske former som knyter mytane til ein stad. Eit trekk ved den munnlege tradisjonen til den aboriginske mytologien er blandinga av mangfald og samtidig likskapen i mytane over heile kontinentet.[24]

Mytologien var todelt, med ein del for mennene og ein annan for kvinnene. Ein maskulin kult var didjeriduen (oksebrølaren) som vart framført som eit drama der dei mytiske figurane fekk utagere seg. Sentralt i framføringa var eit fallossymbol. Også i andre delar av mytologien spela fertiliteten og forplantinga ei vesentleg rolle, symbolisert mellom anna med slangen, som representerte eit komplekst symbol ved å ha både maskuline og feminine verdiar. mange av dei australske mytane handlar om «skaparar» som vandrar rundt og forma ulike ting som vasshòl, fjell, klippeformasjonar, menneske og dyr. Skaparane gav namn til det dei skapte, og song desse namna, og mytane vert difor fortalde i dag i form av song. Skaparane vert rekna som forfedrar til seinare menneske, og har difor ein svært viktig posisjon. Rutene dei gjekk då dei skapte vert kalla for stigar.

Samanliknande mytologi[endre | endre wikiteksten]

Samanliknande mytologi er den systematiske samanlikninga av mytar frå ulike kulturar. Han søkjer å avdekkje dei underliggjande temaa og strukturane som er felles for mytar i fleire kulturar.[25] I ein del tilfelle nyttar forskarar innanfor dette feltet likskapane mellom ulike mytologiar for å argumentere at mytologiane har ei felles kjelde eller opphav. Denne felleskjelda kan vere ein inspirasjon (til dømes at visse naturlege fenomen kan ha inspirert tilsvarande mytar i ulike kulturar) eller ein felles «førmytologi» som utvikla seg i ulike retningar til ulike mytologiar.[25]

Tolkingar av mytar på 1800-talet var ofte svært komparative og søkte eit felles opphav for alle mytar.[26] Forskarane i dag har tendert til å vere meir mistenksame når det gjeld den komparative tilnærminga, og unngår altfor generelle eller universelle utsegner om mytologi.[27] Eit unntak frå dette er Joseph Campbell-boka The Hero With a Thousand Faces (Helten med tusen ansikter, 1949) som hevdar at alle heltemytar følgjer det same underliggjande mønsteret. Denne teorien om ein «monomyte» er derimot lite anerkjend i forsking på mytologiar i dag.[27].

Formasjonane til mytane[endre | endre wikiteksten]

Robert Graves har sagt om greske mytar at «sanne mytar kan definerast som reduksjonar til forteljande stenografi av rituelle mimar framførte ved offentlege festivalar, og i mange tilfelle nedteikna visuelt».[28] Graves var svært påverka av den britiske antropologen James George Frazer sin mytografi, The Golden Bough (1890), og han var einig i at mytar oppstår på grunn av mange kulturelle behov. Mytar gjev fullmakt til kulturelle institusjonar i ein stamme, ein by, eller ein nasjon ved å binde dei til universelle sanningar. Mytar kan til dømes rettferdiggjere okkupasjon av eit territorium som tidlegare høyrde til eit anna folk.

Alle kulturar har over tid utvikla sine eigne mytar som omfattar forteljingar av historia si, religionane sine og heltane sine, og desse nasjonale mytologiane vert sett på som viktige og definerer kulturen som seg sjølv og markerer avstand eller sjølvstende frå andre kulturar. Den store krafta i den symbolske meininga i desse forteljingane for kulturen er hovudgrunnen til kvifor dei har overlevd så lenge som dei har gjort, for enkelte i tusenvis av år. Norrøn mytologi vart skriven ned ein gong mellom 1100 og 1200 e.Kr., men hadde ein munnleg tradisjon som var eldre enn innføringa av kristendommen ein gong på 1000-talet i dei nordiske landa.

Mytar som framstillingar av historiske hendingar[endre | endre wikiteksten]

Den trojanske hesten er eit døme på mytologisering av historiske hendingar. Forskarane diskuterer om hesten nokon gong vart bygd. Heller ikkje den trojanske krigen er ei sikker historisk hending, men kan vere ei mytologisk framstilling av fleire krigar.

Som diskutert ovanfor har statusen for ei mytisk forteljing ikkje vore avhengig av om ho er basert på historiske hendingar eller ikkje. Mytar som er baserte på historiske hendingar har over tid vorte gjennomsyra av symbolsk meining, vorte omforma, fått endra tid eller stad, og til og med snudde til det motsette.

Ein måte å skaffe seg eit overblikk over denne prosessen på, er å sjå på «mytar» som noko i den motsette enden av eit kontinuum som strekkjer seg frå eit «lidenskapslaus utgreiing» til «mytisk status». Etter kvart som ei hending utviklar seg mot den mytiske avsluttinga av kontinuumet, vil det som folk tenkjer, føler, og seier om hendingane gradvis få ei større historisk tyding, medan faktagrunnlaget vert stadig mindre viktig. Over tid når ein den mytiske enden av spekteret, og då har forteljinga fått eit eige liv i seg sjølv, og dei opphavlege faktaa har vorte bortimot irrelevante og likegyldige. Eit klassisk døme på denne prosessen er Trojakrigen, eit emne som ligg solid innanfor gresk mytologi. Omfanget av eit historisk grunnlag i den trojanske syklusen er mange gonger diskutert i den litterære og historiske forskinga (sjå historisk grunnlag for Iliaden).

Denne metoden eller teknikken for å tolke mytar som utgreiingar av faktiske hendingar, euhemeriserande utleiingar, går tilbake til antikken og til Den heilage historia av Euhemeros (rundt 300 f.Kr.), som skildrar innbyggjarane på øya Pankaia i Indiahavet som ordinære menneske som er gjorde guddommelege av populær naivitet. Som Roland Barthes forsikrar: «Mytar er eit ord som er valt av historia. Det kunne ikkje kome frå tinga sitt vesen.»[29]

Denne prosessen skjer delvis ettersom hendingane som er skildra vert skilde frå den opphavlege konteksten og ein ny kontekst er sett inn i staden, ofte gjennom ein analogi med noverande eller nylegare hendingar. Ein del greske mytar hadde opphavet sitt i klassisk tid og gav forklaringar for uforklarlege trekk i lokale kultpraksisar, for å gjere greie for for det lokale epitetet til ein av dei olympiske gudane, for å tolke bileta av halvt gløymde figurar eller hendingar, eller for å gjere greie for dei eigenskapane som var tillagde guddommen sjølv for å gjere antikke ikon forståelege. I desse tilfella vart mytar oppdikta eller oppfunne for «å forklare» heraldiske endringar, opphavet til det som hadde vorte mystisk og uforståeleg etter kvart som tida gjekk og samfunnet endra seg (til dømes frå bondekultur til bykultur). Følgjeleg vert skildringar av tidlegare hendingar omforma og tilpassa på nytt og nytt for å få dei til å stemme overeins med den felles kjende historia.

Tolking av mytologi[endre | endre wikiteksten]

Førmoderne teoriar[endre | endre wikiteksten]

Kritisk tolking av mytar går tilbake til før førsokratikarane, dei greske filosofane som tidsmessig kjem før Sokrates (om lag 470–399 f.Kr.), og dei vert rekna som opphavsmenn til den vestlege filosofien.[30] Den greske Euhemeros var ein av dei viktigaste førmoderne mytologane. Han tolka mytar som utgreiingar av faktiske historiske hendingar som hadde vorte forvridde i løpet av mange gjenforteljarar. Euhemeros har gjeve opphavet til omgrepet euhemerisme, som forfektar at gudane opphavleg var menneske som etter døden vart gjenstandar for gudsdyrking.

Den greske diktaren Theagenes frå Rhegium (det som i dag er Reggio di Calabria i Italia) er kjend for å ha forsvart Homer sin mytologi frå rasjonell kritikk. Theagenes søkte å forklare mytar som allegoriar, og så etter ei verkelegheit som var skjult i poetiske bilete. Denne fortolkingsmetoden vart vidareutvikla hjå dei greske stoikarane, som søkte å redusere greske gudar til moralske prinsipp.

Islendingen Snorre Sturlason (11791241) framstilte den norrøne mytologien som eit samanhengande system. Prologen hans til Snorre-Edda eller Den yngre Edda gjev eit innblikk i synet på kjelder, metodar og teori i mellomalderen, og som kristen historikar støttar Snorre seg på euhemerismen: Gudane var apoteoserte, guddommeleggjorde menneske. Han tok også eit anna grep, etymologisering, og fremjar at dei norrøne gudane, æsene, opphavleg kom frå Asia ved den feilaktige slutninga at ordet æser som liknar på ordet Asia såleis måtte ha same etymologiske opphav.[31]

Med renessansen vart interessa for polyteistisk mytologi fornya og tidlege verk om mytografi, som Theologia mythologica (1532), vart utgjevne.

Teoriane på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Max Müller var ein framståande forskar på mytologi og religionsvitskap på 1800-talet.

Dei fyrste moderne forskingsteoriane om mytologiar kom i løpet av andre halvdel av 1800-talet.[30] Generelt såg forskarane på denne tida på mytar som mislukka eller forelda tenkjemåtar, og dei tolka i stor grad mytane som ein primitiv motpart til moderne vitskap.[32]

Den engelske antropologen Edward Burnett Tylor tolka mytar som eit forsøk på ei litterær forklaring på naturlege fenomen: Når ein i tidlegare tider ikkje greidde å oppfatte naturlover, forsøkte ein i staden å forklare naturlege fenomen ved å gje sjeler til livlause objekt, noko han karakteriserte som animisme (trua på den individuelle sjela i alle ting, og naturlege manifestasjonar).[33] Taylor såg på animisme som den fyrste fasen i utviklinga av religionar, og dermed også mytologiar.

Den tyske filologen Max Müller kalla mytar for «sjukdommen til språket». Han spekulerte i om mytar oppstod på grunn av ein mangel på abstrakte substantiv og inkjekjønnsord i antikke språk: Antropomorfiske figurar i tale, som var nødvendige i slike språk, vart til slutt oppfatta bokstavleg, noko som førte til oppfatninga om at naturlege fenomen var medvitne vesen som opptredde som gudar.[34]

Antropologen James Frazer såg på mytar som ei feiltolking av magiske ritual som i seg sjølv var baserte på ein misforstått idé om naturlovene. Ifølgje Frazer byrja mennesket med ei ugrunna tru på upersonlege magiske lover. Då mennesket innsåg at handhevinga av desse lovene ikkje verka, gav det opp trua si på naturlovene til fordel for ei tru på at personlege gudar kontrollerte naturen, og såleis gav opphavet til religiøse mytar. Samtidig heldt mennesket fram med å praktisere tidlegare magiske ritual gjennom sedvane. Mennesket oppdaga såleis at naturen ikkje følgde naturlovene, men no oppdaga det sanne vesenet deira gjennom vitskap. Også her gjer vitskapen mytane til noko avleggs, og som Frazer uttrykkjer det: Mennesket utvikla seg «frå magi via religion (eller myte) til vitskap».[35]

Ved at teoriane på 1800-talet sette mytisk tanke opp mot moderne vitskap, var det underforstått at det moderne mennesket måtte gje opp mytane til fordel for den innsikta ein fekk med vitskapen.[36] Frazers hevda at kulturar og religionar gjekk gjennom ein evolusjon som likna den ein finn i biologien. Religionar på eit primitivt utviklingsstadium handla stort sett berre om mat, ifølgje Frazer. Føremålet med religionane var å kontrollere naturkreftene, slik at det vart meir å ete. Denne tanken forlét sosiologien og sosialantropologien på slutten av 1920-talet. Til dømes var det blant arkeologar svært vanleg å sjå på helleristingar i samanheng med religion i bronsealderen, og alt det ein ikkje forstod vart karakterisert som religion, basert på Frazer, medan helleristingane i staden kan ha vore av ein langt meir verdsleg og politisk karakter.[37]

Teoriane på 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Gruppebilete frå 1909 framfor Clark University. Fyrste rad: Sigmund Freud, G. Stanley Hall og Carl Jung; bakarste rad: Abraham A. Brill, Ernest Jones og Sandor Ferenczi. Særleg Jung fekk innverknad innan det å sjå på mytar som arketypar.

Mange teoriar om mytar på 1900-talet har avvist tankane om motsetnaden mellom myte og vitskap frå det føregåande hundreåret. Generelt har «teoriane på 1900-talet tendert til å sjå mytar som bortimot alt unnateke ein udatert motpart til vitskap […] Følgjeleg er det moderne mennesket ikkje pliktig til å gje opp myte for vitskap».[36].

Den sveitsiske psykologen Carl Jung og tilhengjarane hans har forsøkt å forstå den underliggjande psykologien bak verdsmytane. Jung argumenterte for at gudane i mytologiane ikkje er materielle vesen, men arketypar – eller mentale tilstandar og stemningar – som alle menneske kan føle, dele, og erfare. Jung og tilhengjarane hans meinte at arketypar kunne påverke dei undermedvitne oppfatningane våre og forståinga vår direkte.

I kjølvantet av Jung meinte den amerikanske mytologen Joseph Campbell at innsikt i eigen psykologi, med fordelen av å studere mytologi, kan kome godt til nytte i eige liv.

Som psykoanalytikarane meinte den franske antropologen Claude Levi-Strauss at mytar reflekterte mønster i sinnet, men han såg på desse mønstra meir som faste mentale strukturar – spesielt opposisjonspar, til dømes mann i motsetnad til kvinne, natur i motsetnad til kultur, rå/kokt, liv/død og vidare – enn som umedvitne kjensler eller drifter.[38] Metoden hans var å analysere fram ein mytisk logikk som låg i botnen av alle mytologiar i verda, og ifølgje til Levi-Strauss låg meininga bak ein myte ikkje i strukturen, men i samspelet mellom motsetnadene i den mytologiske forteljinga. Den strukturalistiske forklaringa til Levi-Strauss gjer mytologiane til allmennmenneskelege fenomen, heller enn å avdekkje eller analysere historiske spørsmål knytte til dei.

Eit utsnitt av Skogbonaden, eit svensk veggteppe frå 1200-talet, som ifølgje nyare undersøkingar viser, frå venstre til høgre, dei tre nordiske helgenkongane St. Olav (svensk: S:t Olof), St. Knud og St. Erik.[39] Desse tre personane er tidlegare tolka som den einøygde Odin, Tor med hammaren, og Frøy som lyftar eit aks med korn. Denne heidenske treeininga skulle tilsvare ei trefunksjonell inndeling i høve til Georges Dumézil si tolking: Odin som guden for prestar og magikarar, Tor for krigarane, og Frøy for fertilitet og bønder.[40]

Også den franske filologen Georges Dumézil tok utgangspunkt i ein strukturalistisk tilnærmingsmåte, og postulerte ein urgammal tredelt forklaringsmodell der han såg mytane som sosiale kodar, og der gudane si rolle i mytologien var som sosiale og kulturelle representantar. Fyrste funksjon var herskarane (eigentleg ein todelt herskar-preste-funksjon representert av gudar som stod for lov og magi), andre funksjon for gudar for krig, og den tredje var representert av gudar som stod for fertilitet og produktivitet for fiskarar og bønder. Den historiske avgrensinga til Dumézil var at han berre dreiv samanliknande studiar av språka og mytane til den indoeuropeiske kulturen, men han stimulerte uansett forskinga, særleg for norrøn mytologi, ved å tillate bruk av dei litterære kjeldene i eit friare religionshistorisk perspektiv, ifølgje den norske filologen Gro Steinsland, og ikkje berre i eit filologisk og historisk.[41]

I appendiksa til bøkene Myths, Dreams and Mysteries (1967) og The Myth of the Eternal Return: Cosmos and History (1971) hevdar den rumenske religionshistorikaren Mircea Eliade at det moderne mennesket er engsteleg for å ha avvist mytar og ei kjensle av det heilage.

J.R.R. Tolkien fremja omgrepet Mythopoeia for det medvitne forsøket på å skape mytar: hans eige «legendarium» var meint å vere eit døme på dette. Den samtidige C.S. Lewis delte ikkje synet hans på mytar som uttrykk for fundamentale sanningar,[42] men såg i staden på dei som «løgner serverte i sølvskei»[43].

1950-talet gav den franske litteraturteoretikaren og semiotikaren Roland Barthes ut ei rekkje innverknadsrike essay der han utforska moderne mytar og korleis dei hadde oppstått, i boka Mytologier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Barthes, Roland: Mytologier. De norske bokklubbene, 2002. Originaltittel: Mythologies (1957). 1. norske utg. Gyldendal, 1975. ISBN 82-525-3755-3
  • Bolle, Kees W.: The Freedom of Man in Myth. Vanderbilt University Press, 1968.
  • Campbell, Joseph: Helten med tusen ansikter. Spartacus, 2002. Originaltittel: The hero with a thousand faces (1949). ISBN 82-430-0187-5
  • Campbell, Joseph: Flight of the Wild Gander: Explorations in the Mythological Dimension: Select Essays 1944-1968 New World Library, 3. utg. (2002), ISBN 978-1-57731-210-9.
  • Cotterell, Arthur: Mytologi. Guder, helter og myter. ( The encyclopedia of world mythology), Spektrum forlag, 2005. ISBN 82-7822-179-0.
  • Eliade, Mircea: Cosmos and History: The Myth of the Eternal Return. 1954. ISBN 0-14-019177-1 Originaltittel: Le mythe de l'eternel retour : Archetypes et repetition (1957).
  • Eliade, Mircea: Det hellige og det profane og andre skrifter. De norske bokklubbene, 2003. Originaltittel: Das Heilige und das Profane (1957). ISBN 82-525-3733-2. Også: ISBN 82-05-31171-4.
  • Frazer, James George: The Golden Bough: A Study in Magic and Religion. 1922. ISBN 0-486-42492-8
  • Gray, Louis Herbert (red.): The Mythology of All Races. 13 bind. 1964
  • Kirk, G. S.: Myth: Its Meaning and Functions in Ancient and Other Cultures. Berkeley: Cambridge UP, 1973
  • Lévy-Bruhl, Lucien:
    • Mental Functions in Primitive Societies (1910) Originaltittel: Les fonctions mentales dans les sociétés inférieures
    • Primitive Mentality (1922) Originaltittel: La mentalité primitive
    • The Soul of the Primitive (1928)
    • The Supernatural and the Nature of the Primitive Mind (1931)
    • Primitive Mythology (1935) Originaltittel: La mythologie primitive : le monde mythique des australiens et des papous
    • The Mystic Experience and Primitive Symbolism (1938)
  • Littleton, C. Scott: Mythology (Barnes & Noble, 2007).
  • Long, Charles H.: Alpha: The Myths of Creation. George Braziller, 1963.
  • Moe, Moltke: «Det mytiske tænkesæt» (s. 1-16). Maal og Minne. Kristiania 1909.
  • Moe, Moltke: «Episke grundlove I» (s. 1-16).«Episke grundlove II» (s. 233-249), «Episke grundlove III» (s. 85-126), «Episke grundlove IV» (s. 72-88). I: Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning. Bind II-IV. Kristiania 1914.
  • Northup, Lesley: «Myth-Placed Priorities: Religion and the Study of Myth». Religious Studies Review 32.1 (2006): 5-10.
  • Powell, Barry B.: Classical Myth, 5. utg., Prentice-Hall, 2006
  • Reed, A. W.: Aboriginal Myths, Legends and Fables. Chatswood: Reed, 1982.
  • Steinsland, Gro:
    • Norrøn religion. Myter, riter, samfunn. Oslo 2005. ISBN 82-530-2607-2
    • Den hellige kongen. Om religion og herskermakt fra vikingtid til middelalder (2000)
  • Schadewaldt, Wolfgang: «Diktningens ord: Mythos og Logos», I: Litteraturforståelse, Ide og tanke, bd. 3, 1961
  • Schelling, Friedrich Wilhelm Joseph von:
    • Philosophische Einleitung in die Philosophie der Mythologie oder Darstellung der reinrationalen Philosophie. 1847-52
    • Philosophie der Mythologie. 1842
    • Philosophie der Offenbarung. 1854
  • Segal, Robert A.: Myth: A Very Short Introduction. Oxford UP, 2004 ISBN 0-19-280347-6
  • Walker, Steven F. & Segal, Robert A.: Jung and the Jungians on Myth: An Introduction, Theorists of Myth, Routledge (1996), ISBN 978-0-8153-2259-7.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mythology hjå Dictionary.com.
  2. Segal 2004.
  3. «Mythology Arkivert 2007-10-28 ved Wayback Machine.» hjå The Columbia Electronic Encyclopedia (2004).
  4. Rizzoli, Renato: Representation and Ideology in Jacobean Drama; The Politics of the Coup De Theatre (New York: The Edwin Mellen Press, 1999), s. 6.
  5. Baxter, John: The Soul of Tragedy: Some Basic Principles in Aristotle’s Poetics.
  6. Eliade 1968: Myth and Reality, s. 162.
  7. Eliade 1967: Myths, Dreams and Mysteries, s. 23.
  8. Zuckert, Catherine H.: Postmodern Platos: Nietzsche, Heidegger, Gadamer, Strauss, Derrida (University of Chicago Press, 1996), s. 10.
  9. Steinsland 2005, s. 93.
  10. Gilhus, Ingvild & Mikaelsson, Lisbeth: Nytt blikk på religion. Studiet av religion i dag (Oslo, 2001), s. 102: «En faglig forståelse av religioner går ut på at de er myte- og symboltolkende fellesskap – religion uten myter finnes knapt nok.»
  11. Segal 2004, s. 5. Sjå også Buxton, Richard: The Complete World of Greek Mythology (London: Thames & Hudson, 2004), s. 18: «Det er tre element i [min] definisjon [av mytologi]. Det minst problematiske er førestillinga om ei forteljing: ein ‘myte’ er ei forteljing, ei gruppe hendingar som er strukturerte til ein sekvens.»
  12. Steinsland 2005, s. 92.
  13. 13,0 13,1 Kirk 1973, s. 11.
  14. Reed 1982, s. 33–36
  15. Tessler, Neil: Sophia's Passion: Sant Mat and the Gnostic Myth of Creation, eller Did Jesus Become God in A. D. 325? Arkivert 2011-07-09 ved Wayback Machine.
  16. Eliade 1957, s. 77.
  17. Steinsland 2005, s. 93–94.
  18. Segal 2004, s. 61.
  19. Steinsland 2005, s. 88.
  20. Steinsland 2005, s. 89.
  21. Simpson og Roud: Dictionary of English Folklore (2000), s. 254.
  22. The Letters of J. R. R. Tolkien (1981), nr. 147.
  23. 23,0 23,1 «Myths, legends, beliefs and tradional stories from Africa Arkivert 2008-12-28 ved Wayback Machine.».
  24. Berndt, C. (1994): «Mythology» i David Horton (red.): «Eit spennande trekk [ved aboriginsk mytologi] er blandinga av mangfald og likskap over heile kontinentet».
  25. 25,0 25,1 Littleton 2007, s. 32
  26. Leonard, Scott: «The History of Mythology: Part I Arkivert 2012-12-27 ved Wayback Machine.».
  27. 27,0 27,1 Northup 2006, s. 8
  28. Graves, Robert: The Greek Myths, «Introduction»
  29. Sitert frå François-Bernard Mâche: Music, Myth and Nature, or The Dolphins of Arion (1993), s. 20.
  30. 30,0 30,1 Segal 2004, s. 1.
  31. Steinsland 2005, s. 54–56.
  32. Segal 2004, s. 3–4.
  33. Segal 2004, s. 4.
  34. Segal 2004, s. 20.
  35. Frazer 1922, s. 711.
  36. 36,0 36,1 Segal 2004, s. 3.
  37. «Helleristninger som maktspråk Arkivert 2007-08-26 ved Wayback Machine.», intervju med David Vogt på Forskning.no (20.03.2006).
  38. Segal 2004, s. 113.
  39. Franzén, Anne-Marie og Nockert, Margareta: Bonaderna från Skog och Överhogdal och andra medeltida väggbeklädnader (Stockholm: Almqvist & Wiksell international, 1992. ISBN 91-7402-226-1).
  40. Leiren, Terje I.: «From Pagan to Christian: The Story in the 12th-Century Tapestry of the Skog Church» (1999).
  41. Steinsland 2005, s. 90.
  42. Brown, Devin: «Lewis’ View of Myth as a Conveyer of Deepest Truth» i Segura og Honegger (2007).
  43. «[…] lies breathed through silver» – Colin Duriez: Tolkien and C.S. Lewis – The gift of friendship (HiddenSpring, 2003).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mytologi