Mzymta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mzymta
elv
Mzymta frå fossen Jomfrutårene.
Land  Russland
Nedslagsfelt 885 km²
Lengd 89 km
Vassføring for nær munningen
 - middel 45,6 /s
Kjelde Store Kaukasus
 - høgd 2 980 moh.
Munning Svartehavet
 - høgd moh.
Kart
Mzymta
43°34′20″N 40°37′33″E / 43.5721°N 40.6257°E / 43.5721; 40.6257
Wikimedia Commons: Mzymta

Mzymta (russisk Мзы́мта, adygisk Мэзмытӏэ - Mezmytha) er ei elv i Vest-Kaukasus i Russland, som renn gjennom Krasnodar kraj og byen Sotsji. Mzymta er den største elva i Russland som munnar ut i Svartehavet og har ei lengd på 89 km med eit nedslagsfelt på 885 km².

Mzymta spring ut frå Store Kaukasus i ei høgd 2980 meter over havet, og renn gjennom ein trong dal gjennom innsjøane Kardyvatsj og Vesle Kardyvatsj. Mzymta dannar fleire fossefall og den største av desse er Izumrudny (Smaragd), som er 15 meter høg. Breiddene er dekte av bøkeskog, kastanjer og gamle ubykhiske hagar med ville pæretre, valnøtt og kastanje. I elvegjelet Gretsjeskoje (Gresk) renn elva raskare. Elva renn gjennom gjela Akhshtyr og Dzykhra, som er populære turistattraksjonar. Mzymta munnar ut i Svartehavet nær Adlerskij i Sotsji, der ho deler seg i fleire greiner.

Mzymta er ei populær elv for rafting. Krasnopoljanskaja vasskraftverk har eit reservoar som regulerer elva.

Største sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Bustader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]