Nålebinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nålebundne vottar

Nålebinding er ein handarbeidsteknikk. Ein brukar ei flat nål av bein eller tre, og tråd av ull. Ein nålebind ved å laga ei løkke og drage nål og tråd gjennom. Knuten som vert danna vert ikkje stramma, men dannar den neste løkka. Ein nålebind oftast i ull, av di ein skøytar på ein ny tråd ved toving.

Nålebinding gir eit meir slitesterkt resultat enn strikking, men er noko meir tidkrevjande.

Teknikken kan mellom anna brukast til å laga sokkar og vottar.

Arbeid laga i nålebinding kan likna hekling, hakking, pjoning eller strikkearbeid .

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]