Nærøy i Sogn

Koordinatar: 60°58′N 6°57′E / 60.967°N 6.950°E / 60.967; 6.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°58′N 6°57′E / 60.967°N 6.950°E / 60.967; 6.950

Bakka kyrkje på Bakka ved Nærøyfjorden

Nærøy er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti og femner Nærøydalen, Nærøyfjorden og den delen av vestsida av Aurlandsfjorden nordom Nærøyfjorden som høyrer til Aurland. Soknekyrkja ligg på Bakka og heiter Bakka kyrkje. Ho stod ferdigbygd i 1859. I 1855 vart Nærøy sokn skild ut frå Undredal sokn.[1] Grunnen til dette var at mesteparten av soknelemene budde ved Nærøyfjorden og Nærøydalen og den lange og til dels uframkomlege kyrkjevegen folk hadde vinterstid, men òg at den ørvesle Undredal stavkyrkje ikkje kunne romme så stor del av folket i soknet som lova kravde. Bakka vart vald som kyrkjestad fordi grenda ligg midt i soknet.[2]

Nærøy er òg ein grunnkrins i Aurland kommune. Ved folketeljinga i 2001 budde det 122 personar i Nærøy grunnkrins.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]