Næringslivets Hovedorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er ein landsomfattande interesseorganisasjon som arbeider for å styrke konkurranseevna til norsk næringsliv. Medlemmene er næringslivsføretak med verksemd i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NHO vart stifta 1. januar 1989, då dei tre organisasjonane Norges Arbeidsgiverforening (N.A.F.), Norges Industriforbund (NI) og Norges Håndverkerforbund (NH) vedtok å slå seg saman. Før etableringa av NHO hadde N.A.F hovudansvaret for arbeidsgjevarfunksjonane, medan NI og NH arbeidde med ønæringspolitiske spørsmål. Den nye organisasjonen var frå starten av landsomfattande.

Dagens situasjon[endre | endre wikiteksten]

NHO er den største interesseorganisasjonen for norske verksemder. Det er hovudsakleg verksemder i den private sektoren som kan bli medlem i NHO. Statelege og kommunale føretak kan berre bli medlemmer om dei arbeider under vanlege konkurransemessige vilkår. Medlemskontingenten utgjer 1,25 promille av lønsutbetalingane den einskilde verksemda har per år, med eit minstebeløp på 500 kr. Organisasjonen har i dag ca 20 000 medlemmer, og dei fleste finst blant små og mellomstore føretak. Medlemsbedriftene har totalt ca 508 000 arbeidsplassar, og samla bidreg NHOs medlemsbransjer med ca 40 % av den økonomiske verdiskapinga. Lokalt er arbeidet organsiert med 15 regionforeiningar.

Tore Ulstein er president og John G. Bernander er administrerande direktør i NHO. Svein Oppegaard er direktør for arbeidslivspolitikk, Ole Erik Almlid er direktør for kommunikasjon og samfunn, Petter Haas Brubakk for næringspolitikk og Geir F. Høiby for organisasjon og økonomi.

NHO sitt arbeid[endre | endre wikiteksten]

NHO tek opp næringspolitiske saker som medlemsbedriftene er opptekne av. NHO gjennomfører tarifforhandlingar med arbeidstakerorganisasjonane (til dømes Landsorganisasjonen) på vegne av medlemsbedriftene. NHO gjev medlemsbedriftene advokathjelp ved tvistar om arbeidsrettslige spørsmål.

Landsforeiningar i NHO[endre | endre wikiteksten]

Det er 21 landsforeiningar i NHO, og desse dekkjer ulike bransjar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Næringslivets Hovedorganisasjon