Nærkraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei nærkraft eller kontaktkraft er ei kraft som verkar i kontaktpunktet eller kontaktflata mellom to lekamar[1], til dømes friksjonskraft og trykk-kreft.

Kontaktkreftene vert skildra av Newtons rørslelover på lik linje med alle krefter i dynamikken.

Ein finn kontaktkreftene over alt og står for dei fleste vekselverknadene ein ser mellom lekamar i dagleglivet. Å køyre ein bil opp ein bakke, sparke ein ball eller skubbe ein pult over golvet er alle kvardagslege døme der kontaktkrefter spelar inn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knight, Randall (2008), Physics for Scientists and Engineers: A Strategic Approach (2 ed.), California: Pearson Addison-Wesley, ISBN 0-321-51671-0 s. 127