Névé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Névé er ein ung, kornaktig snø som har delvis smelta, fryst til att og vorte kompakt, men som ikkje enno har vorte til is. Denne typen snø er ofte assosisert med isbredanning gjennom prosessen nivasjon. Névé som overlever ei heil årstid med ablasjon vert til firn, som er både eldre og noko tettare. Firn vert etter kvart glasial is, den langvarige kompakte isen som isbrear består av. Isbredanninga kan ta alt frå dagar til år, avhengig av fryse- og smeltefaktorar. Ein ser ofte névé i skibakkar der det generelt vert mislikt som område det er lett å falle i.

Névé har ein minste tettleik på 500 kg/m³.

Névé kan \og syne til dei fjellområda der snøfall akkumulerer og vert névé som gjev tilførsel til isbrear.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]