Nøgne Ø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°24′18″N 8°38′20″E / 58.40510°N 8.63887°E / 58.40510; 8.63887

Nøgne Ø

Org.nr.984276990
Skipa31. januar 2002
HovudkontorGrimstad
LandNoreg
Nettstadhttp://www.nogne-o.com/
Frå produksjonslokala, Nøgne Ø; ulike fasar i «bryggerhuset» til høgre, lagringstankar til venstre.

Nøgne Ø er eit norsk bryggeri. Dei brukar slagordet «Det kompromissløse bryggeri».[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aksjeselskapet blei stifta vinteren 2002 av Gunnar Wiig og Kjetil Jikiun. Bryggeriet starta på Bergemoen i Grimstad, men flytta hausten 2005 inn i dei gamle lokala til Rygene Kraftstasjon på Rygene, like ved grensa til Arendal kommune. Det er bygd eit større og meir moderne produksjonsanlegg i dei gamle lokala. Bryggeriselskapet Nøgne Ø – Det kompromissløse bryggeri AS hadde driftsinntekter på NOK 1,5 mill. i 2004 og 2 mill. i 2005. Produksjonen har auka kraftig, frå 30 000 liter i 2003 til 250 000 liter i 2007[2], deretter frå 280 000 liter i 2009 til over 400 000 liter i 2010.[3]

Bryggeriet er eit av få norske bryggeri som eksporterer øl og sel til meir enn 20 land, mellom anna Sverige, Danmark, Finland, England og USA. Rundt 50% av produksjonen vart eksportert i 2008.[4]

I 2010 byrja dei produksjon av den japanske risvinen sake, som dei første og einaste i Europa.[5]

I 2012 vart eit enzym som bryt ned gluten tilsett under brygginga av både porteren og bitteren. Desse to øltypane er derfor frå og med kvar seg batch #876 og #874 glutenfrie eller med eit sterkt redusert nivå gluten, og vil derfor kunne bli drukke av mange med sjukdommen cøliaki. Grunna manglande ressursar er ikkje den resterande mengda gluten dokumentert og ølet vert derfor ikkje marknadsført som eit glutenfritt øl.[6]

Brygging[endre | endre wikiteksten]

Nøgne Ø Saison
Nøgne Ø India Pale Ale

Alt ølet er upasteurisert og inneheld derfor levande gjær. Det gjev ein lang haldbarheit og eit fyldigare øl som utviklar seg ved lagring. Det vert ikkje tilsett kolsyre, all kolsyra i ølet vert produsert av ettergjæringa som skjer i flaska. Gjæren legg seg som botnfall nedst i flaska, slik at om ein heller alt ølet i glaset, vil ølet bli uklart.

Internasjonal og nasjonal ry[endre | endre wikiteksten]

I januar 2007 rangerte den amerikanske nettstaden «RateBeer.com» Nøgne Ø på 44. plass blant dei beste bryggeria i Europa. Nøgne Ø vann også gull for Dark Horizon og sølv for sin Porter under World Beer Cup 2008.[treng kjelde] I 2010 vann dei prisen for beste øl og for beste mikrobryggeri på Australian Internationel Beer Awards.[treng kjelde] Pr. 2010 har Nøgne Ø 12 av dei beste 20 øla i Noreg på kåringa til «RateBeer.com», inkludert dei beste tre.[treng kjelde]

I ein juleøltest utført av Dagbladet i 2010 der 44 ølsortar blei testa, sprengte «God jul»-ølet til Nøgne Ø skalaen, og fekk terningkast sju.[7]

Nøgne Ø fekk i februar 2011 prisane «Årets øl 2010» for Nøgne Ø Imperial IPA (#500) og «Årets bryggeri 2010» i Norske ølklubbers landsforbund (NORØL) og Norsk hjemmebryggerforening (NORBRYGG) si årlege avstemming. I tillegg til førsteprisen for årets øl tok dei også tredje og fjerde plass med Nøgne Ø Two Captains Double IPA og Nøgne Ø Red Horizon. I avstemminga om Årets Bryggeri 2010 fikk Nøgne Ø 45,8 % av stemmene. Det var omtrent 100 000 medlemmer av landets ølklubbar tilknytte NORØL og NORBRYGG som stemte.[8]

Øltypar[endre | endre wikiteksten]

Bryggeriet lagar følgjande øltypar, som kan bli kjøpt i dei fleste polutsal og butikkar i heile landet, og som alle er av typen real ale:

Ulike øltypar frå Nøgne Ø.
  • #100 (Brygg nummer 100, og jubileumsøl for unionsoppløysinga i 1905.)
  • Amber Ale
  • Andhrímnir Barley Wine
  • Bitter
  • Blonde (ein oppdatert variant av Kos på Groos)
  • Brown Ale
  • Brun
  • Dobbel IPA
  • Havrestout
  • Imperial Stout
  • Imperial Brown Ale
  • India Pale Ale
  • Pale Ale
  • Porter
  • Saison
  • Wit
  • Dugges Sahti

I tillegg til desse, som vert laga året rundt, har bryggeriet også fleire typar sesongbrygg, og har hatt enkelte eingongsbrygg:

  • Aku Aku Lemongrass Ale (lansert 2009)
  • Dark Horizon 1st edition (lansert 2007)
  • Dark Horizon 2nd edition (lansert 2008)
  • Dark Horizon 3rd edition (lansert 2010)
  • Red Horizon edition (lansert 2010)
  • Sweet Horizon edition (lansert 2010)
  • Special Holiday Ale (2009)
  • Julesnadder
  • God Jul
  • God Jul Islay Edition (lagra på whisky-fat frå Islay)
  • Imperial Stout Highland Edition (lagra på whisky-fat)
  • Julenatt (2004–2006)
  • Underlig Jul
  • God Påske
  • Trippel (2003–2004)
  • Weiss (2003)
  • Beyond the Pale Ale (2006)
  • Kos på Groos (2008)
  • Le Vanilla Framboise Porter
  • Sunturnbrew
  • Tangerine Dream (2008)
  • Tiger Tripel
  • Tyttebær
  • Ut På Tur (2008)
  • Le Vanilla Framboise Porter (lansert 2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryggeriet si heimeside. Lese 12. juli 2013
  2. The Company Arkivert 2013-07-29 ved Wayback Machine. - nogne-o.com. Lese 12. juli 2013.
  3. Skummende vekst - Dagens Næringsliv. Lese 12. juli 2013
  4. Dagsavisen – Vil ha mer norsk alkohol på polet[daud lenkje] - Dagsavisen. Lese 12. juli 2013
  5. Horecanytt – Nøgne Ø lager Europas første sake[daud lenkje] - Horecanytt. Lese 12. juli 2013
  6. Nøgne Ø – Gluten! - Lese 12. juli 2013
  7. Dette ølet får en sjuer på terningen - Dagbladet- Lese 12. juli 2013
  8. Kåret til årets beste - Agderposten. Lese 12. juli 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nøgne Ø