Nykken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nøkken)
«Nøkken» er omdirigert hit. For den norske rockegruppa med det namnet, sjå Musikkgruppa Nøkken.
Gut på kvit hest, Theodor Kittelsen

Nykken eller nøkken er eit vette i norsk folketru som er knytt til vatn og drukningsfare. Det heiter seg at nykken kan halde til i djupe tjern og fossefall. Han kan mellom anna skape seg om til ein kvit hest. Set nokon seg opp på hesten, stuper han i djupet med ryttaren. Det vert sagt at ein kan lære felespel av nykken, som er nærskyld fossegrimen og draugen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]