Nørresundby

Koordinatar: 57°3′51.325″N 9°56′6.2664″E / 57.06425694°N 9.935074000°E / 57.06425694; 9.935074000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°3′51.325″N 9°56′6.2664″E / 57.06425694°N 9.935074000°E / 57.06425694; 9.935074000

Brua over Limfjorden frå Nørresundby til sentrum av Aalborg.
Lindholm Høje fotografert i 2004.

Nørresundby er den luten av Aalborg i Danmark som ligg i Aalborg kommune nord for Limfjorden. Tidlegare var Nørresundby, som ligg i landskapet Vendsyssel, ein eigen by, kjøpstad (købstad), og ein forstad til Aalborg.

Folketalet i Nørresundby er på 21 671 (2012)[1], medrekna dei lutane av Nørresundby som heiter Lindholm, Nørre Uttrup og Bouet. Talet på innbyggjarar i Nørresundby vert i statistisk samanheng rekna inn i det samla folketalet for Aalborg, men likevel slik at det går fram kor mange av innbyggjarane i Aalborg som bur høvesvis nord og sør for Limfjorden.

I Nørresundby Centrum ligg mellom anna Nørresundby Kirke, Nørresundby Torv og den eine enden av Limfjordsbroen, ei bru over Limfjorden for bilar, fotgangarar og syklistar som bind saman sentrum i Nørresundby med sentrum i sjølve Aalborg. Bydelen Lindholm med Lindholm jarnbanestasjon ligg vest for Nørresundby, og gjennom Lindholm går den gamle hovudvegen vestover til Thisted. Vest for Lindholm ligg òg Aalborg Lufthavn, og nordafor ligg bydelen Nørre Uttrup, som grensar mot området Aalborg Kaserner og landsbyen Hvorup. Nordaust for Nørre Uttrup og aust for Nørresundby finn ein motorvegen som går i tunnel under Limfjorden, og dessutan den gamle hovudvegen mot Hjørring.

I Nørresundby ligg òg den vidgjetne Lindholm Høje, som er namnet på eit arkeologisk granska gravfelt frå jarnalderen og vikingtida på ein bakke i ei høgd av 42 meter over havet. Her er sundet på det smalaste, så gravfeltet ligg tett ved det som frå gamal av har vore ein viktig overfartsstad for samband over sundet mellom Vendsyssel på nordsida og resten av Jylland på sørsida. På området er det funne over 700 graver frå tida frå om lag år 500 og fram til år 1000, dei fleste av dei er brente graver (det vil seie at den døde har vore brent før jordfestinga), og fleire hundre steinsettingar. Det er dessutan funne restar av ein by i området.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]