Nørvasund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nørvasund er ein av dei sju bydelane i Ålesund kommune og har 4437 innbyggjarar, noko som utgjer om lag 10% av innbyggjarane i kommunen. Bydelen strekkjer seg frå Nørvasundet mellom Nørvøya og Uksenøya i vest til Hatlaåsen og Lerstadnakken i aust, og har ei flatevidd på 3,74 km2 (3,8% av kommunearealet). Han har ein typisk forstadsprega busetnad med 1186 innbyggjarar per km2. I vest grensar han mot Nørvøy bydel og i aust mot Spjelkavik, Åse og Lerstad bydel. Nørvasund skule ligg i bydelen. Skrivemåten Nørvesund er òg nytta (på bokmål).