Nøttekråke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nøttekråke | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Corvidae | |
| Slekt: | Nucifraga | |
| Vitskapleg namn | ||
| Nucifraga caryocatactes | ||
Nøttekråke (Nucifraga caryocatactes) er ein fugl i kråkefamilien.
Nøttekråka lever i barskogbeltet frå Skandinavia til Stillehavet og i fjellskogar i Mellom- og Sør-Europa. I tillegg finst det Nøttekråker i Himalaya og Taiwan.
Nøttekråka lever av nåletrefrø og hasselnøtter. Fuglen hekkar derfor berre i barskog med hasselkratt. I mars-april bygger fuglen kvistreir høgt i bartre. Hoa legg 3-5 egg.
Nøttekråka er ein standfugl.