Nøtterøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nøtterøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0722
Fylke Vestfold
Adm.senter Borgheim
Areal 59 km²
Folkemengd 21 100 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (20072011) Roar Jonstang (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.notteroy.kommune.no/
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0722.svg
Nøtterøy kommune på Commons

Nøtterøy er ein kommune i Vestfold fylke. Han er ein øykommune med Nøtterøy, Veierland og Føynland som utgjer størstedelen av arealet. I tillegg kjem om lag 175 andre større og mindre øyar. Hovuddelen av folkesetnaden finst på Teie og den nordlege delen av øya. Teie er ein større tettstad som grensar mot Tønsberg kommune. På Teie ligg mellom anna Vinmonopolet og Nøtterøy Sparebank. Her finn ein òg den eine av kommunen sine to ungdomsskular, Teigar.

Andre tettstader er Borgheim, Føynland, Torød, Årøysund, Vestskogen og Kjøpmannskjær. Nøtterøy er saman med Tjøme kommune kjend for sin vakre skjérgard.

Borgheim er administrasjonssenter, her finn ein kommune- og kyrkjeadministrasjon. I tillegg ligg brannstasjonen som er ein del av Vestfold Interkommunale Brannvesen her. Nøtterøy videregående skole ligg òg her. På Borgheim finn ein den andre ungdomsskulen, Borgheim ungdomsskole.

Nøtterøy sitt høgaste punkt er Vetan med sine 101 moh. Det nest høgaste punktet er Vardås.

Innbyggarnamn[endre | endre wikiteksten]

Ein person frå Nøtterøy blir kalla «nøttlending».

Kjende nøttlendingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.