Nøytron–antinøytron-oscillasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nøytron–antinøytron-oscillasjon er periodiske overgangar mellom det å vere eit nøytron og eit antinøytron. Slike svingingar er ikkje observert, men i følgje forslag til samlande teoriar for elektromagnetisme, svak kjernekraft og sterk kjernekraft skulle slike svingingar kunne eksisterer med ein periode på over eitt år.

Prosessen vil derimot berre skje dersom det finst ein uoppdaga fysisk prosess som bryt baryontalbevaringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]