NGC 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av NGC 1999. Det kolsvarte området til høgre for stjerna er ei bok-kula.[1]

NGC 1999 er ei refleksjonståka som ligg rundt 1500 lysår unna jorda i stjernebiletet Orion. Ho har ein diameter på 0,9 lysår og ligg i nærleiken av den meir kjende Oriontåka.[1]

NGC 1999 er opplyst av den unge og lyssterke stjerna V380 Orionis. Stjerna er estimert til å vera rundt 3,5 gonger so massiv som sola og framstår som kvit av di ho har ein overflatetemperatur på rundt 10 000 °C, noko som nesten er to gonger overflatetemperaturen til sola.[1]

NGC 1999 blei oppdaga av William Herschel og søstera Caroline på 1800-talet og katalogisert i det nittande hundreåret som New General Catalogue (NGC)-objekt 1999.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Hubble Takes a Close-up View of a Reflection Nebula in Orion» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av tåka.