NGC 4622
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| NGC 4622 | |
Hubble-bilete av NGC 4622. Galaksen roterer med klokka. |
|
| Observasjonsdata (epoke J2000) | |
|---|---|
| Stjernebilete | Kentauren |
| Rektasensjon | 12t 42m 37,6s[1] |
| Deklinasjon | -40° 44′ 35″[1] |
| Avstand | 111 millionar lysår |
| Type | spiralgalakse (Sb) |
| Serskilde trekk | roterer same vegen som spiralarmane peiker |
| Sjå òg: Galakse, lista over galaksar | |
NGC 4622 er ein spiralgalakse som ligg rundt 111 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren. Han er spesiell ved at han roterer same vegen som spiralarmane peiker. Ei mogleg årsak er at galaksen vekselverka og kolliderte med ein mindre galakse. I tillegg til den merkelege rotasjonen har han ein indre spiralarm som peiker i motsett retning enn resten av dei andre spiralarmane.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2002-03 frå Space Telescope Science Institute.