Noregs offentlege utgreiingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå NOU)

Noregs offentlege utgreiingar (NOU) er rapportar utarbeidde av utval eller arbeidsgrupper nedsette av eit departement eller ved kongeleg resolusjon. Føremålet med arbeidet er å greie ut ulike tilhøve i samfunnet.

Slike offentlege utgreiingar kan òg vere ein del av forarbeidet til ein lovrevisjon. Utgreiinga vil då verte utarbeidd av ein sakkunnig komité der det sit juristar, tenestemenn i forvaltninga og talsmenn for partane. Det er vanleg at eit utkast til ny lover vedlagt utgreiingar som skal førebu ei ny lov.

NOU-ar er nummererte med publikasjonsår og eit løpenummer følgd av utgreiingsnamnet, som NOU 2004: 15 Regional statsstøtte og EØS-reglane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]